Gå til innhold

[Utgått]Varetransportar ved innpassering til EU

Auke i talet på varetransportar som ikkje melder seg for tollmyndighetene ved innpassering til EU.
Toll- og avgiftsdirektoratet har motteke informasjon frå svenske og danske tollmyndigheiter om auke i talet på transportar kor transportøren/sjåføren ikkje melder seg for tollvesenet ved innpassering til EU.
 
I følgje den informasjonen direktoratet har motteke har talet på sjåførar frå Aust-Europa, som vert nytta både av norske og internasjonale operatørar/hovudansvarlege, auka betrakteleg dei seinaste åra. Desse sjåførane har ikkje kunnskap om at Noreg ikkje er eit EU-land, og melder seg derfor ikkje for toll myndigheitene ved innpassering til EU. Ved ferje anløp vert dette oppdaga ved at tollmyndigheitene kontrollerer manifestet opp mot dei transportørane som melder seg for tollvesenet.
 
Når transporten er under ein transitteringsprosedyre blir det i desse tilfellene ikkje registrert grensepassering i det elektroniske transitteringssystemet (NCTS). Dei varene som ikkje er under ein godkjent framsendingsprosedyre blir dermed ulovleg innførte i EU når dei ikkje melder seg ved innpassering til EU.

Norske tollmyndigheiter har også registrert ein tilsvarande auke i slike tilfeller ved innpassering til Noreg.
 
Direktoratet vil presisera den hovudansvarlege sitt ansvar for dei varer som er under ein transitteringsprosedyre, og viktigheita av å nytta transportørar/sjåførar som har kjennskap til retningslinjene som gjeld ved grensekryssande transport av varer mellom Noreg og EU.
 
Dette problemet fører til bruk av ekstra ressursar for både norske og andre land sine tollmyndigheiter, i tillegg til at dette kan få økonomiske konsekvensar for norske operatørar/hovudansvarlege.