Gå til innhold

[Utgått]Norsk Metallgjenvinning AS, miljøavgift på drikkevareemballasje - vedtak om reduksjon av avgift

Miljødirektoratet har fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for perioden 1. juli 2015 til og med 30. juni 2016.

Miljødirektoratet har i brev av 12. juni 2015 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til Norsk Metallgjenvinning AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2015 til og med 30. juni 2016.  

Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i gjeldande periode, er fastsett til 65 %. Dette inneber ei avgift på 35 % av ordinær avgift. 

Retursystemet til Norsk Metallgjenvinning AS gjeld for drikkevareemballasje (eingongsemballasje) av metall. 

Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MB 135, 235, 335 og 435 for drikkevareemballasje i metall.