Gå til innhold

[Utgått]Norsk Glassgjenvinning AS, miljøavgift på drikkevareemballasje - vedtak om reduksjon av avgift

Miljødirektoratet har fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for perioden 1. juli 2015 til og med 30. juni 2016.

Miljødirektoratet har i brev av 18. juni 2015 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til Norsk Glassgjenvinning AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2015 til og med 30. juni 2016. 

Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i gjeldande periode, er fastsett til 90 %. Dette inneber ei avgift på 10 % av ordinær sats. 

Retursystemet til Norsk Glassgjenvinning AS gjeld for drikkevareemballasje av glas (eingongsemballasje).

Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MG 110, 210, 310 og 410 for drikkevareemballasje av glas.