Gå til innhold

[Utgått]Norsk Returkartong AS - miljøavgift på drikkevareemballasje - vedtak om reduksjon av avgift

Miljødirektoratet har i brev av 13. juni 2014 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til Norsk Returkartong AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2014 til og med 30. juni 2015.

Retursystemet til Norsk Returkartong AS gjeld for drikkevareemballasje av kartong (eingongsemballasje). 

Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i den gjeldande perioden, er fastsett til 91 %. Dette inneber ei avgift på 9 % av ordinær sats. 

Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MA109, 209, 309 og 409.