Gå til innhold

Opphavsreglane for fisk og sjømat

Skal vara di få preferanse må ho anten vere framstilt i heilskap eller ha gjennomgått ei form for tilarbeiding i Noreg eller eit avtaleland.

Tolltariffens kapittel 3 omfattar fisk og krepsdyr, blautdyr og andre virvellause dyr som lever i vatn. Varer som høyrer under dette kapitlet kan ha gjennomgått noko tilarbeiding eller foredling, til dømes filetering, røyking og produksjon av saltfisk, tørrfisk og klippfisk.

Ved ytterlegare tilarbeiding vil desse normalt bli klassifiserte i posisjonane 16.04 eller 16.05. Varer under desse posisjonane er til dømes

  • fiskepinnar
  • gravlaks
  • kokte, reinsa reker fryste eller i lake
  • annan konservert fisk

Listeregelen for kapittel 3 og posisjonane 16.04 og 16.05 krev i dei fleste frihandelsavtalar at alle materiale frå kapittel 3 skal vere framstilte i heilskap innanfor opphavsområdet. Det vil seie at andre materiale/ingrediensar som ikkje høyrer under kapittel 3, kan brukast fritt, til dømes ved framstilling av fiskepinnar under posisjon 16.04.

Dette inneber at fiskeråstoffet må vere framstilt i heilskap i EØS, medan brødrasp, krydder, egg og andre medgåtte materiale berre må skifte posisjon.

Hovudprinsipp

Oppbygginga av opphavsreglane er basert på at ferdigvara anten er "framstilt i heilskap" eller at brukte materiale har gjennomgått "tilstrekkeleg tilarbeiding eller foredling". Det vil seie at vara anten er:

"framstilt i heilskap" i Noreg eller eit avtaleland;

eller ved at

eventuelle innførte materiale, som ikkje har opphav i Noreg eller eit avtaleland/område, har gjennomgått ei "tilstrekkeleg tilarbeiding eller foredling" i Noreg eller eit avtaleland.

Vareomfang

Kva varer som er omfatta av dei ulike avtalane (vareomfanget) går fram av dei respektive avtaletekstane.

Eit vilkår for at ei vare skal kunne få preferansetollbehandling i importlandet, er at vara er omfatta av den aktuelle avtalen, det vil seie at vara er ein del av avtalens vareomfang.

Fysisk atskiljing

Når ei bedrift i produksjonen sin bruker materiale av ulikt opphav, skal materiala lagrast fysisk åtskilt. Til dømes skal norsk og russisk fisk lagrast fysisk åtskilt for at det skal kunne utferdast opphavsbevis for det ferdige norske opphavsproduktet.

Forhandlarar (som ikkje har eigen produksjon) må også halde opphavsprodukt og ikkje-opphavsprodukt fysisk åtskilde på lagera sine.

Dette er eit krav som skal vere oppfylt for kvar enkelt varetype.

Materiala kan lagrast separat eller ved tydeleg merking av dei to typane materiale.

Produsentar kan få løyve til samlagring av identiske materiale som skal brukast i produksjonen. Dette systemet kallar vi "bokføringsmessig åtskiljing", og er basert på at det blir ført eit særskilt rekneskapssystem.

Kumulasjon

Ein frihandelsavtale gjeld i dei fleste tilfelle berre mellom to partar. Innanfor Europa finst om lag 60 ulike frihandelsavtalar mellom dei ulike landa (til saman 30 land). I 1997 vart desse avtalane bundne saman gjennom at opphavsreglane i alle desse avtalane vart harmoniserte. Det vil seie at alle avtalane fekk like - om ikkje heilt identiske – opphavsreglar. Dette gjer det mogleg for fleire land å delta i handelen av ei vare utan at tollfordelane forsvinn. Det er opphavssertifikatet EUR-MED som skal brukast ved kumulasjon.

Dette gjorde etableringa av det europeiske kumulasjonsområdet mogleg, noko som inneber at opphavsmateriale/-produkt frå avtalepartane kan brukast fritt innanfor heile dette området. Ved bruk av kumulasjon kan opphavsprodukt frå alle landa omfatta av kumulasjonssystemet, brukast fritt i produksjon av opphavsprodukt som blir eksporterte til eitt eller fleire avtaleland.

Til dømes kan fisk frå Færøyane brukast ved eksport frå Noreg til EU utan at han mister høvet for preferansetollbehandling. Dersom fisken berre blir re-eksportert eller ikkje blir tilarbeidd ut over dei minimale operasjonane, vil fisken behalde det færøyske opphavet sitt og det vil då vere avtalen mellom Færøyane og EU som gjeld. Ved tilarbeiding i Noreg utover dei minimale prosessane, vil fisken få norsk opphav ved eksport til EU. Det er likevel eit krav at opphavet til den færøyske fisken kan dokumenterast med eit inngåande opphavsbevis EUR-MED som blir lagt fram for Tolletaten.

Døme:

Fryst sild (0303.51) med norsk opphav blir eksportert frå Noreg til EU. Eksportøren utferdar eit EUR-MED opphavsbevis, og fortollinga inn i EU blir gjennomført som vanleg. Kunden i EU har no høve til å re-eksportere silda til Tyrkia utan noka form for tilarbeiding. I dette tilfellet vil fisken oppretthalde det norske opphavet sitt og det vil vere frihandelsavtalen mellom EFTA og Tyrkia som blir lagd til grunn ved import til Tyrkia.

I avtalen mellom EU og Tyrkia er tollsatsen for fryst sild 30 %, men sidan det i dette tilfellet er avtalen mellom Noreg/EFTA og Tyrkia som blir lagd til grunn for preferansetoll-behandlinga, vil silda få tollfridom.

Prosesslista

Prosesslista fastset kva som skal gjerast med materiale som blir brukt i produksjon. Det kan vere krav om at materiala skal vere framstilte i heilskap, ikkje overstige ein viss verdi, eller at dei må gjennomgå bestemte prosessar. Krava i lista må oppfyllast for brukte tredjelandsmateriale for at ferdigvara skal bli eit opphavsprodukt.