Gå til innhold

Eksport til EU

Det er dei forskjellige avtalane med EU som regulerer tollsatsen.

Den preferensielle handelen med fisk og sjømat med EU er i hovudsak regulert av tre avtalesett:

  • Det såkalla "fiskebrevet" frå 1973 med seinare endringar
  • Protokoll 9 i EØS-avtalen av 1994
  • Kompensasjonsavtalane av 1995, 2004 og 2007

EØS-avtalen er i dag den viktigaste avtalen som regulerer samhandelen mellom Noreg og EU.

Reglane i EØS-avtalen som regulerer handelen med fisk og sjømat, er tekne inn i Protokoll 9, medan opphavsreglane finst i Protokoll 4.

Vareomfanget i avtalane med EU

Tabellen viser i grove trekk vareomfanget i desse avtalane

EØS-avtalen

Protokoll 9

Fiskebrevet (EF/Noreg) 

Kompensasjonsavtalane

(EF/Noreg) 

Tabell II - tollfridom:

Kvitfisk (torsk, hyse,sei, blåkveite), fersk, kjølt, fryst, salta, tørka - også filetar

Full tollfridom - kvotar:

Klippfisk av torsk

Tollfrie kvotar:

Ulike produkt av bl.a laks, reker, krabbar, sild, makrell og sjøkreps

Tabell III - tollreduksjon 30 %:

Fiskeprodukt ikkje nemde i Tabell II og Vedlegg til Tabell III

 

 

Tollreduksjon:

Fryste filetar av sild og makrell

- 3 %

Fryste, reinsa reker - 7,5 %

Tollreduksjon:

Fryste sildelappar - 3 %

 

 

 

Vedlegg til Tabell III - ordinær toll:

Laks, makrell, sild, reker, sjøkreps, kamskjell

   

Opplysning om opphavslandet

Ønskjer du å bruke dei autonome kvotane  i EU og/eller WTO (GATT)-kvotar for fisk og annan sjømat, er det EUs nasjonale ikkje-preferensielle opphavsreglar som gjeld.

Stadfesting av preferansetollbehandling skal skje etter desse retningslinene:

Brukast ein av kvotane fastsett i ein av kompensasjonsavtalane eller fiskebrevet skal "Noreg" oppgjevast som opphavsland. Dersom kvoten på importtidspunktet er oppbrukt, vil EØS-preferanse verte godkjend. Brukast Protokoll 9 til EØS-avtalen og "EØS" er oppgjeve som opphavsland, vil berre preferansesatsen som gjeld for EØS verte gitt.

Det vil seie at i samsvar med punkt 1 vil EØS-preferanse verte gitt når ein bilateral tollfri kvote er oppbrukt og Noreg er oppgitt som opphavsland i opphavsbeviset og det ikkje er tvil om opphavsstatusen til varene.

Oppføring av "EØS/NOREG" eller "EØS-NOREG" som opphavsland skal ikkje brukast.


I kompensasjonavtalane har EU gitt tollfrie kvotar for fisk med norsk opphav. Under Protokoll 9 er det inga kvoteavgrensing, men for enkelte fiskeslag er det berre ein reduksjon av ordinær toll.