Gå til innhold

Leverandørerklæring for eksport til ein frihandelspart

Ein eksportør som utferdar opphavsbevis må alltid kunne dokumentere opphavet.

Når eksportøren kjøper ei vare frå ein norsk leverandør kan leverandøren utferde ei nasjonal leverandørerklæring for all fisk mv. som skal eksporterast til utlandet, og som oppfyller krava til opphavsvarer, jf. tollforskrifta § 8-4-6.

Fisk fanga utanfor norsk territorialgrense

Erklæringa kan påførast sluttseddelen, fangstsertifikatet eller eit anna handelsdokument. Ver merksam på at kravet til besetning og fartøysførar når det gjeld nasjonalitet kan vere ulike i nasjonalt lovverk og frihandelsavtalene, når produktet er frå fiske og fangst utanfor territorialgrensa. 

I slike tilfelle er difor sluttseddel, fangstsertifikat eller anna handelsdokument ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon til at eksportøren kan utferde eit opphavsbevis. Det er fartøya/rederia som må syta for at nasjonal leverandørerklæring utferdast. Det som då er viktig er at erklæringa påførast eit dokument som følgjer vara heilt til sluttkjøpar, og ikkje stoppar opp hos salslaga.

Fisk fanga innafor norsk territorialgrense

Der fiske og fangst er skjedd innanfor territorialgrensa er det ikkje krav til fartøysførar eller besetning mv. I slike tilfelle vil anten sluttseddel eller fangstsertifikat utan leverandørerklæring vere tilstrekkeleg til at dokumentasjonskravet til eksportøren er oppfylt. 

Leverandørerklæring

Følgjande tekst skal brukast:

Leverandøren av produktene omfattet av dette dokumentet erklærer at disse produktene, unntatt hvor annet er tydelig angitt, har ......1) preferanseopprinnelse.

........

(Stad og dato)

.............

(Leverandørens underskrift; i tillegg namnet med trykte bokstavar)

1) Her skal produktas opphavsstatus/-land angjevast. Det vil seie om varene har opphav i Noreg/EØS, eventuelt i eit anna avtaleland.

Leverandørerklæringa kan påførast faktura, eit fraktdokument, andre handelsdokument eller på eit særskilt brevpapir. Påførast erklæringa på andre dokument enn fakturaen, må det gjevast ein referanse til den eller dei aktuelle leveransane som er dekt av erklæringa, samstundes som det må være mogleg å identifisere varene.

Del med andre: