Opphavsreglane får ulik bruksmåte avhengig av om eksportøren er produsent eller forhandlar.
I denne samanhengen er ein produsent den som har produsert eksportvara etter dei krava som er fastsette i gjeldande frihandelsavtale.
Med produksjon reknar ein tilarbeiding/produksjon som går utover dei minimale operasjonane, som i frihandelsavtalane er nemde som utilstrekkeleg tilarbeiding eller foredling.
Innanfor fiskeribransjen høyrer blant anna desse prosessane til omgrepet produksjon
- filetering
- røyking
- saltfiskproduksjon
- tørrfisk- og klippfiskproduksjon