Gå til innhold

Korleis dokumentere opphavet

Vara som det blir kravd preferansetollbehandling for, må ha opphav i eit avtaleland i samsvar med opphavsreglane i den aktuelle avtalen. Det skal vidare leggjast fram bevis for dette opphavet ved innførselen.

Entan du utferdar ei opphavserklæring (fakturaerklæring) eller søkjer om å få utferda eit varesertifikat EUR.1, er du ansvarleg for å dokumentere at produkta faktisk oppfyller opphavsreglane. Dette må du kunne dokumentere både på utferdingstidspunktet og i ettertid dersom tollstyremaktene ønskjer ein etterkontroll av opphavsbeviset.

Det er artikkel 16 nr. 3 og artikkel 21 i PEM-konvensjonen som fastsetter dette kravet.

Du pliktar å oppbevare kopiar av utferda opphavsbevis og grunnlagsdokumentasjon for opphavsstatusen til varene i minst 3 år.

Det er artikkel 28 i PEM-konvensjonen som fastsetter dette kravet.

Ulike typar dokumentasjon

Bedriftene kan være svært ulike når det gjeld storleik og rutinar, og om dei produserer sjølve. Kva dokumentasjon som skal til i det enkelte tilfelle vil derfor variere.

Sidan fangsfartøyet er avgjerande for opphavet ved direktelanding, må det enkelte eksporterte varepartiet som hovudregel kunne følgjast bakover frå eksport til landing, gjennom alle ledd og prosessar i alle bedrifter vara har passert.

Det må liggje føre dokumentasjon for kvar prosess i kjeda. For at dokumentasjonen skal vere råd å etterprøve, må noko vere nedteikna anten elektronisk eller på papir.

Vanlege kjøps- og salsfakturaer kan vere nok dersom kjøp og sal lett kan "koplast saman". Dette kan også vere nok i ei produksjonsbedrift dersom ein aldri har same type opphavsvarer og tredjelandsvarer på lager samtidig. Sal og kjøp må då utvitydig kunne "koplast" på dato, mengd og art.

I alle prosessar

Det må i etterhand kunne påvisast at firmaet held opphavsvarer og tredjelandsvarer fysisk åtskilde, med mindre ein har løyve til bokføringsmessig åtskiljing.

Innkjøp

Innkjøp må dokumenterast ved til dømes ein setel for den enkelte leveringa (bryggjesetel eller sluttsetel), eller leverandørerklæring. Leverandørerklæringa må ha klare referansar til aktuelle innkjøp. Ei leverandørerklæring kan gjevast på eige ark eller vere påført innkjøpsfakturaen.

Dersom vara ikkje er direkte levert av norsk fiskefartøy, skal det liggje føre eit varesertifikat EUR 1 eller ei fakturaerklæring som dokumentasjon av opphavet til fisk innført frå fartøy frå andre land, medrekna andre EØS-land.

Forhandlars kopling mellom kjøp og sal

Innkjøp må dokumenterast som nemnt i føregåande avsnitt. Vanlege kjøps- og salsfakturaer er ofte nok for ein forhandlar, dersom kjøp og sal lett kan "koplast saman" ved hjelp av til dømes datoar, vareslag og mengder. Kjøp/sal kan også vere såkalla "mappebasert". Det kan også skrivast på salsfakturaen eller ordren kvar varene stammar frå. Det er viktig å hugse på at kundane kan vere avhengige av dei same referansane for å kunne utferde opphavsbevis.

Produksjonsbedrift, uttak til produksjon

Innkjøp må dokumenterast som nemnt over. Den enkelte produksjonen må identifiserast ved til dømes nummer/år eller dato. Det må også på ein eller annan måte gå fram kva råvarer som har gått med til den enkelte produksjonen. Dette kan gå fram av lagerrekneskapen, av ein produksjonsrekneskap eller ein produksjonsrapport, eventuelt ved merking av ferdigvara som viser tilbake til råvara.

Produksjonsbedrift, uttak til sal

Det må på ein eller annan måte gå fram kva ferdigvarer som faktisk er tekne ut ved det enkelte salet. Dette kan gå fram av lagerrekneskapen, eventuelt kan det vere påført ordren/salsfakturaen.

  1. Dersom vara har gjennomgått produksjon hjå ei bedrift med løyve til bokføringsmessig åtskiljing, må vara kunne sporast tilbake til ein positiv råvaresaldo av opphavsmateriale. Desse materiala må kunne følgjast tilbake til landinga slik at det kan konstaterast at vara er fanga og levert av eit norsk (EØS) fartøy.
  2. Dersom ein har løyve til bokføringsmessig åtskiljing og har valt salstidspunktet, skal opphavsrekneskapen vareta denne sporinga.

Dokumentasjon frå leverandøren

Det er eksportøren si oppgåve å dokumentere på tilfredsstillande måte at utferda opphavsbevis er korrekte. Derfor må eksportøren overfor dei lokale tollstyresmaktene leggje fram dei dokumenta og oversiktene som blir etterspurde, han må også vere til hjelp med å innhente dokumentasjon som leverandøren har.

Då det for fisk og annan sjømat er restriktive opphavsreglar, vil det vere behov for å kunne spore det enkelte eksporterte varepartiet tilbake til "bryggjekanten". Dokument som leverandørerklæringar, transaksjonsoversikter mv. frå aktuelle leverandørar vil derfor vere viktige element med sikte på dette. Slike opplysningar og dokument må Tolletaten kunne etterprøve.

I samsvar med tollova § 13-4 pliktar den opplysningspliktige å leggje fram den dokumentasjonen Tolletaten reknar som nødvendig for å kontrollere at utferda opphavsbevis er korrekte og at opphavet til varene er riktig opplyst. Av artikkel 20 nr. 3 i EØS-avtalen går det fram at ein eksportør som utferdar ei fakturaerklæring, når som helst må vere budd på å leggje fram alle nødvendige dokument som beviser opphavsstatusen til vedkomande produkt.

Oversikter og dokumentasjon frå leverandør kan eventuelt leverast direkte til Tolletaten dersom leverandøren ønskjer det. Som eit ytterlegare og generelt alternativ, kan system og/eller oversikter eventuelt anonymiserast slik at aktørane ikkje blir identifiserte i klartekst, men at koplingane ("linken") kjem fram ved hjelp av tilvisingar til bryggje-/sluttsetelnummer, inngåande og utgåande fakturanummer, mv.

Tolletaten kan utføre nærare kontroll hjå leverandøren dersom ein finn dette nødvendig.