Gå til innhold

Innblanding av tredjelandsmaterialer

I dei fleste avtalane kan du nytte 10 % tredjelandsmateriale og framleis ha norsk opphav. 

Tredjelandsmaterialar skal inngå i produksjonen av ferdigvara. Då må dette skje før eller under sjølve produksjonsprosessen (sjå figur 1).

Du kan ikkje køyre ei produksjonslinje med berre tredjelandsmaterialar og parallelt ei linje med opphavsmaterialar, og deretter blande dei ferdige produkta for å bruke toleranseregelen (sjå figur 2).

Dette gjeld også der det er periodisk produksjon med opphavsmaterialar og ikkje-opphavsmaterialar på same produksjonslinje.

Produksjon av fileter med bruk av toleranseregelen

Skal du bruke toleranseregelen må innblandinga av tredjelandsråstoffet skje anten ved oppstart av produksjonen eller under produksjonen av den ferdige fileten. Slik vil du sikre at råstoffet gjennomgår den påkravde produksjonen, og at tredjelandsråstoffet ikkje kan skiljast frå opphavsråstoffet i sluttproduktet.

Produksjon av fileter hvor toleranseregelen ikke kan brukes

Filetane vil vere av høvesvis russisk og norsk opphav. Du kan ikkje bruke toleranseregelen i etterhand.

Merk deg at dersom dei ferdige fiskefiletane viste i figur 2 blir fryste i blokk eller enkeltvis, vil det ikkje vere mogleg å bruke toleranseregelen. Dette fordi frysing ikkje er rekna som ein produksjonsprosess. Foredlar du varene vidare (til dømes til fiskepinnar) kan du blande inn russisk filet tilsvarande 10 % av verdien av ferdigproduktet (sjå figur 3).

Sjølv om vi i desse døma har teke utgangspunkt i filetproduksjon, er prinsippet ved bruk av toleranseregelen den same for alle typar ferdige produkt.

Opphavsprodukt kan fritt brukast i ein vidare produksjon utan at opphavsreglane for dei opphavsprodukta som blir brukte, skal vurderast i samsvar med opphavsreglane for det nye produktet.

Dei ferdige fiskefiletane i Fig. 1 vil i ein vidare produksjon reknast for å vere av 100 % norsk opphav. Dei norske opphavsmateriala (der toleranseregelen er brukt) blir brukte i produksjon av fiskepinnar. På grunn av at opphavsmateriala blir brukte i ein ny produksjon, kan toleranseregelen brukast ved produksjonen av fiskepinnane, uavhengig av om toleranseregelen alt er brukt ved produksjonen av fiskefiletane.

Se artikkel 5 nr. 1 andre ledd, og innleiande merknad nr. 3.1 i Vedlegg I til opphavsprotokollane.

Produksjon av fiskepinner - toleranseregelen benyttes

Toleranseregelen er ikkje "brukt opp" for filetane frå figur 1. Dei har norsk opphav, og foredlar du desse vidare, kan du bruke toleranseregelen i den neste produksjonsprosessen.

Dømet i fig. 3 er toleranseregelen brukt ved produksjon av dei norske filetane, men dette forhindrar ikkje at han kan brukast når filetane inngår i ein produksjon av ei ny vare som til dømes fiskepinnar. Dette følgjer av prinsippet om at når ei vare har oppnådd opphav i samsvar med opphavsreglane i ein avtale, kan denne opphavsvara fritt brukast i vidare produksjon.

Del med andre: