Gå til innhold

Eksportør av fisk

Om du er ein eksportør eller leverandør av fisk eller annan sjømat ligg dei sama dokumentasjonskrava til grunn.

Med eksportør i denne samanhengen meiner vi ei bedrift som utferdar opphavsbevis ved eksport til utlandet.

Det som kjenneteiknar ein leverandør, er at dei i første rekkje leverer opphavsmateriale eller opphavsprodukt til eksportørar. Som dokumentasjon på opphavet vil desse utferde ei leverandørerklæring.

Både eksportørar og leverandørar har same krav til å dokumentere opphavet på dei produkta som det blir utferda opphavsdokumentasjon for.

Eksportør/leverandør kan igjen delast opp i to hovedgrupper - produsentar eller forhandlarar. Enkelte bedrifter kan operere både som produsent og forhandlar. I denne samanhengen er ein produsent den som har produsert eksportvara etter dei krava som er fastsette i gjeldande frihandelavtale.

I eksportdokumenta skal varene kunne følgjast frå landinga av råvara, gjennom eventuell produksjon og heilt til eksporttidspunktet. Dette er forhold som du som eksportør må ta høyd for før du utferdiga av eit opphavsbevis.

Har du ikkje meir grunnlagsdokument enn ein leverandørerklæring? Da må leverandøren som har utferdiga denne ha grunnlagsdokumentasjon til støtte for si erklæring.

Godkjend eksportør

Ein godkjend eksportør er ein eksportør som er gjeven løyve av tollstyremaktene til sjølv å utferde opphavebevis (opprinnelseserklæring) uavhengig av verdien av opphavsprodukta. Eksportørar som ikkje har slikt løyve, kan berre bruke opprinnelseserklæring når verdien av opphavsprodukta ikkje overstig NOK 50 000,-.

Hvor går eksporten?