Det er listereglane som avgjer om vara er tilarbeida nok til at ho blir eit opphavsprodukt.
Er det i produksjonen av ei ferdigvare brukt materiale frå andre land (tredjelandsmateriale) enn Noreg og eit avtaleland, skal desse materiala ha gjennomgått tilstrekkeleg tilarbeiding eller foredling i Noreg eller eit avtaleland for at ferdigvara skal få opphav i Noreg eller avtalelandet.
Utilstrekkeleg tilarbeiding eller foredling (minimale operasjonar)
Ikkje alle operasjonar er rekna som tilstrekkelege til at ei vare kan oppnå opphavsstatus. Oversikt over kva prosessar som er rekna for å vere utilstrekkelege, går fram av dei ulike avtalane. Spørsmålet om tilstrekkeleg tilarbeiding (kva som er rekna som produksjon) er viktig for bruk av toleranseregelen, bokføringsmessig åtskiljing og europeisk kumulasjon.
Dei tilarbeidings- eller foredlingsprosessane som er rekna som utilstrekkelege, omfattar blant anna:
- behandling som har til føremål å halde produkta i sin opphavlege tilstand under transport eller lagring
- enkle behandlingar som samanstilling, sortering, vasking og oppskjering
- byte av emballasje, deling og samanstilling av kolli
- enkel emballering
Kombinasjonar av slike operasjonar er heller ikkje rekna som tilstrekkeleg tilarbeiding eller foredling.
Alle behandlingar utførte både i Noreg og/eller eit avtaleland/område på eit gjeve produkt, skal vurderast samla.
For fisk tyder dette blant anna at berre frysing, sortering etter storleik og kvalitet, oppdeling av blokker til mindre einingar eller pakking og skifte av emballasje ikkje er rekna som tilstrekkeleg tilarbeiding eller foredling. Uavhengig av desse prosessane må som nemnt all fisk og fiskeråvarer vere framstilte i heilskap.
Kontrollerte prosessar som har til føremål å skape eit nytt produkt, er ikkje omfatta av desse reglane. Dette medfører blant anna at
- filetering
- røyking
- produksjon av saltfisk, tørrfisk og klippfisk
- reinsing av reker
kan reknast som tilstrekkeleg tilarbeiding eller foredling.
Berre nedlegging av fisk i saltlake er derimot ikkje rekna som tilstrekkeleg tilarbeiding.