Gå til innhold

Eksportavgifta for fisk og fiskevarer

Her finn du informasjon om eksportavgifta og registreringsplikta hjå Noregs sjømatsråd.

Krav til registrering som eksportør

For å kunne eksportere fisk frå Noreg må du vere registrert hjå Norges sjømatråd. Når du er registrert som eksportør av fisk, får du eit registreringsnummer som du skal bruke når du deklarerer fisken for Tolletaten. Som registrert eksportør av fisk skal du betale ei årsavgift på 15 000 kroner til Norges sjømatråd. Uregistrerte eksportørar som ynskjer å eksportere fisk og fiskevarer, må vende seg til Norges Sjømatråd.

Eksportavgift – vareomfang og avgiftssatsar frå 1. februar 2016

 

Ved eksport av fisk og fiskeprodukt mv. skal avgift betalast etter følgjande satsar:
AvgiftstypeAvgiftsgruppeVareslagSats i % av fob-verdi
FF 100 Fisk, krepsdyr og blautdyr i tolltariffens posisjonar 03.01 til 03.08 og posisjon 16.05, med unntak av produkt omfatta av FF 101, 102 og 104 1,05 %
FF 101 Laks, aure (ørret), sild, makrell, lodde, kolmule, vassild, taggmakrell (hestemakrell), øyepål og brisling som hører under tolltariffens posisjonar 03.01 til 03.05 0,90 %
FF 102 Tillaga eller konservert fisk mv., under tolltariffens posisjon 16.04 0,30 %
FF 104 Industrifisk og biprodukt av fisk, fiskeolje, ekstrakt og safter av fisk mv. og fiskemjøl, jf. tolltariffens underposisjon 05.11.91, posisjon 15.04, varenummer 15.16.1012, 15.16.1020, 16.03.0020, 23.01.2010 og 23.01.2090 0,30 %

Eksportavgift ved ordinær utførsel

Ved eksport av fisk og fiskevarer frå tollområdet, skal eksportøren skrive eksportavgifta på utførselsdeklarasjonen med kode FF, avgiftsgrunnlag, sats og beløp. Grensa for tollområdet er den same som grensa for norsk sjøterritorium, dvs. 12 nautiske mil frå grunnlinja.
Du kan bruke tollkreditt for å betale eksportavgifta.

Eksportavgift ved direkte levering frå fangstfelt utanfor tollområdet

Ved direkte leveransar frå norske fiskefartøy til utlandet eller til utanlandsk fartøy frå fangstfelt utanfor tollområdet skal de som er eksportørar etter fiskeeksportlova deklarere direkte leveransar gjennom Tolletatens ekspedisjonssystem TVINN. I praksis vil ofte eit salslag vere eksportør ved denne typen eksport og er dermed ansvarleg for deklareringa.

Deklarering og innbetaling av FF-avgift for direkte leveransar vil da skje på same viset som for ordinær utførsel av varer frå tollområdet. Da dei direkte leveransane ikkje reknast som ordinær utførsel etter tollova, skal du for desse leveransane oppgjeve prosedyrekode 85 i deklarasjonens rubrikk 37.

Det er tidspunktet for leveringa av varene som bestemmer når du får plikt til å deklarere avgifta. Du kan likevel søkje tollregionen om månadleg deklarering. Eksportørar som har fått tillating til månadleg deklarering, må sende inn deklareringa seinast den 5. i månaden etter leveringa. Dersom den 5. fell på ein laurdag, søndag, høgtidsdag eller offentleg høgtidsdag vert rapporteringsfristen sett til den førstkomande arbeidsdagen deretter.

Det er skattekontoret som handsamar tollkredittsakar.

Du er velkomen til å ta kontakt med tollregionen din dersom du har spørsmål.

Unntak frå avgiftsplikta

Desse varene er unnateke frå FF-avgift

  • varer der eksportavgifta for ei sending er mindre enn 100 kroner
  • fisk og fiskevarer til Verdas Matvareprogram
  • fisk og fiskevarer kanaliserte via hjelpeorganisasjonar
  • varer som Mattilsynet ikkje godkjenner for import og som derfor blir sende ut av Noreg
  • utanlandskfanga fisk og utanlandske fiskevarer som etter gjeldande regelverk ikkje har vore fortolla inn i Noreg og som vert transportert direkte til utlandet eller frå tollager til utlandet
  • utanlandsfanga fisk og utanlandske fiskevarer som blir returnerte som følgje av reklamasjon

Dersom du ber om unntak frå avgiftsplikta, skal du fylle ut "GEN" i rubrikk 44 på utførselsdeklarasjonen. Du må også skrive inn unntakskoden for avgiftsgruppa utførselen gjeld.

Unntakskodane er

  • S10/6761A – for alle unntak der varen høyrer til avgiftsgruppe FF 100
  • S10/6761D – for alle unntak der varen høyrer til avgiftsgruppe FF 101
  • S10/6761B – for alle unntak der varen høyrer til avgiftsgruppe FF 102
  • S10/6761C – for alle unntak der varen høyrer til avgiftsgruppe FF 104

Refusjon av eksportavgift

Tollregionen der eksportavgifta vart fastsett, kan etter søknad refundere feil fastsett avgift.

Statistikk over utanrikshandelen

Opplysningane som deklarerast, vert nytta i statistikk over utanrikshandelen. Både eksport av fisk mv. som er fanga innanfor tollområdet og av norske fiskefartøy utanfor tollområdet skal inngå i statistikken.

Utførselskvote av fisk og fiskevarer frå sportsfiske

Det er tillate å føre ut av landet inntil 15 kg fisk eller fiskevarer per person, medrekna tilverka produkt, t.d. fiskefilet, innanfor ein periode på 24 timer.

 

Del med andre: