Gå til innhold

Forhandlar av fisk

Opphavsreglane får ulik bruksmåte avhengig av om eksportøren er produsent eller forhandlar.

Som forhandlar vil det i hovedsak vere utilarbeidd fisk som blir seld anten innanlands eller for eksport. Det tyder likevel ikkje at det ikkje kan gå fære seg nokon behandlingprosessar, men desse vil eventuelt vere såkalla utilstrekkeleg tilarbeiding eller foredling.

Forhandlarar kan til dømes gjere dette med produkta utan at det er rekna som produksjon i frihandelssamanheng

  • frysing
  • sortering etter storleik og kvalitet
  • oppdeling av blokker eller ompakking

I eksportdokumenta skal varane kunne følgjast frå landinga av råvara, gjennom eventuell produksjon og heilt til eksporttidspunktet. Har du utferda ei leverandørerklæring til ein eksportær, må du ha grunnlagsdokumentasjon til støtte for denne.