Er du ein eksportør med kunnskap om opphavsreglane i frihandelsavtalane kan du bli autorisert som godkjend eksportør. Då kan du sjølv utferda opphavserklæring utan omsyn til verdien på sendinga.
Oppfyller du desse vilkåra kan du bli godkjend eksportør, uansett om du eksporterer råvarer eller ferdigvarer:
- Du utfører jamleg eksport av produkt i samsvar med den aktuelle frihandelsavtalen. Med jamleg eksport meiner vi at eksport er ein naturleg del av handelsmønsteret for di verksemda og at eksporten skjer stadig gjennom heile året.
- Du gjev på ein tilfredsstillande måte nødvendige garantiar til Tolletaten for å stadfesta opphavsstatusen til produkta, og at dei andre vilkåra i opphavsprotokollen er oppfylte.
Autorisasjon blir berre gjeven til eksportørar som handlar med opphavsvarer. Ein eksportør kan både vere produsent, eksportør eller vidareforhandlar (trader). Søknaden skal sendast til Vareførselsdivisjonen i Tolletaten.
So søkjer du
For å verta autorisert som godkjend eksportør må verksemda væra registrert i Føretaksregisteret. Difor må du ha ei tildelt rolle i altinn som gjer at du kan representera verksemda og fylla ut skjemaet.
- Logg inn med BankID
- Vel kva føretak du representerer
- Fyll ut søknadsskjemaet
- Last opp vedlegg
- Trykk på «Send inn»
- Ved å trykkja «Send inn» stadfestar du erklæringane
Vilkår og dokumentasjon
Vi krev at du har kjennskap til gjeldande opphavsreglar og ha alle dokument som beviser opphavet til dei eksporterte varene, slik det er oppgjeve i opphavsbevisa du utferdar.
Du må ha eit lager- og/eller rekneskapssystem som gjer det mogleg å identifisere opphavet på varene, uavhengig av om du sjølv står for produksjon eller ikkje. Er du eksportør og produsent, må du kunne dokumentere at produksjonen av dei eksporterte varene tilfredsstiller vilkåra fastsette i opphavsreglane for den vara.
- Verksemda skal utpeike ein eller fleire personar som skal vere ansvarlege for at verksemda følgjer dei til kvar tid gjeldande opphavsreglane, fastsette i den frihandelsavtalen verksemda ønskjer å bruke.
- Verksemda skal til kvar tid ha eigne medarbeidarar med ansvar for at opphavsregelverket blir overhalde, og at verksemda held seg oppdatert på regelverket.
- Verksemda må straks gje melding til Tolletaten ved endringar av ansvarleg(e) person(ar).
- Det skal vere ein (eller fleire) kontaktpersonar i verksemda som Tolletaten kan kontakte i samband med kontroll og kurs- og opplæringsverksemd.
Oppbevaringsplikt
Oppbevaringsplikta for kopi av opphavserklæringar, andre eksportdokument, bevismateriale og andre grunnlagsdokument er 5 år.
Kor lenge er autorisasjonen gyldig?
Ved fyrste gongs autorisasjon er det ein prøveperiode, normalt avgrensa til 24 månader.
I løpet av prøveperioden skal verksemda di godtgjere overfor Tolletaten at alle vilkår i autorisasjonen er oppfylt.
Ønskjer du ei forlenging av autorisasjonen, bør du søkje om dette seinast 2 månader for utløpet av prøveperioden. Utan søknad blir autorisasjonen automatisk trekt attende ved utløpsdatoen.
Forlengd autorisasjon blir gjeven for ein periode på inntil 5 år, med moglegheit for seinare forlengingar. Tolletaten vil overvake bruken av autorisasjonen, og kan trekkjast attende dersom du ikkje lenger er i stand til å gje dei nødvendige garantiane, vilkåra ikkje blir oppfylte eller autorisasjonen blir misbrukt. Feilaktig utferda opphavserklæringar kan også medføre regresskrav frå importøren som i slike tilfelle må betale tollavgift for varene.
Verifikasjonar
Tolletaten vil gjennomføre etterkontroll (verifikasjon) av utferda opphavserklæringar.