Gå til innhold

Verdigrensa

Når du kjem til Noreg kan du ha med deg varer toll- og avgiftsfritt så lenge dei er under verdigrensa. Verdigrensa er ulik om opphaldet har vore over eller under 24 timar.

Verdigrensa

Meir enn eitt døgn

Dersom du har vore utanfor Noreg i meir enn 24 timar, kan du ta med deg varer for inntil
6 000 norske kroner utan å betale toll og avgifter. Denne verdigrensa er den totale summen på varene du har handla, inkludert kvotevarene.

Mindre enn eitt døgn

Er utanlandsopphaldet kortare, kan du éin gong i løpet av 24 timar ta med deg varer for
3 000 norske kroner toll- og avgiftsfritt. Denne verdigrensa er den totale summen på varene du har handla, inkludert kvotevarene. Hugs at du berre kan ha med deg alkohol- og tobakkskvota dersom du kan dokumentere at du har betalt avgifter i eit EØS-land. Du kan derfor ikkje handle alkohol og tobakk tax-free.

Fortolling av varer over verdigrensa

Dersom du har handla over verdigrensa, skal du betale 25 prosent meirverdiavgift på dei fleste varer. I tillegg er det nokre varer som har toll. Forenkla sagt gjeld dette berre klede og matvarer.

Du betaler avgifter ved å gå på raud sone når du kjem til grensa. Du må sørgje for å velje ein grenseovergang med eit betjent tollkontor.

Du kan sjølv velje kva for varer som skal gå inn i verdigrensa.

Eksempel: Har du vore ute av Noreg i meir enn 24 timar og har kjøpt ein sofa til 5 000 kroner og ein barnevogn til 3 000 kroner, løner det seg å la sofaen vere ein del av verdigrensa, mens du betaler avgifter for barnevogna.

Hugs at dersom verdien av éi vare er over grensa, må du betale toll og avgifter for heile verdien til vara. Har du til dømes kjøpt ein sofa til 10 000 kroner, må du betale avgifter for heile verdien.

Varer som utgjør eit heile, kan du ikkje dele og innføre over fleire reiser, eller av fleire personar. Dette gjeld sjølv om verdien av den enkelte del er mindre enn verdigrensa. Har du til dømes kjøpt eit kjøkken for 50 000 kroner, kan du ikkje trekkje ut delar av kjøkkenet for å fylle opp den tollfrie kvota på 3 000 eller 6 000 kroner. Men du kan da bruke den tollfrie kvota på andre varer innanfor verdigrensa.