Gå til innhold

Kjøp av våpen i utlandet

Dersom du handlar våpen i utlandet, må du vere merksam på at du ikkje kan innføre våpen utan eit løyve frå politi eller lensmann.

Det er politiet som har ansvar for regelverket om inn- og utførsel av våpen, våpendelar og ammunisjon. For å innføre ein del våpen, våpendelar og voldsprodukt kan du trenge løyve frå politiet eller lensmannen i distriktet du er busett i.

Kva er tillate å innføre utan løyve

Nokre våpen, våpendelar og produkt er tillata innført til Noreg utan at du treng løyve frå politi eller lensmann. Dette gjeld mellom anna

  • luftgevær og -pistol med kaliber 4,5 mm eller mindre
  • signalpistol
  • redningsgevær
  • harpungevær og startvåpen dersom våpenet er konstruert på ein slik måte at det ikkje kan fyre av skarpe patronar og/eller at du ikkje lett kan byggje våpenet om til å kunne fyre av skarpe patronar. Dette gjeld også gasspatronar.
  • sverd
  • air-softgun
  • paintball

Det er 18-års aldersgrense for innførsel av luftvåpen, paintball og air-softgun.

Når må du ha løyve frå politiet

For nokre våpen, våpendelar og ammunisjon kan du trenge løyve frå politiet. Du må ha løyve ved all ordinær innførsel eller utførsel. Døme på våpen og liknande der du må ha løyve frå politiet:

  • rifler
  • hagler
  • kombinasjonsvåpen (rifle/hagle)
  • pistolar
  • luftgevær og -pistoler grovare enn 4,5 mm
  • karabinar
  • maskinpistolar/maskingevær
  • gassvåpen
  • patronar
  • prosjektilar
  • hylser med ladning eller tennmiddel
  • sprengstoff
  • lys-, brann-, gift- og tåregassboksar
  • armbrøst
  • dei fleste typar forsvarsspray

Dersom du har fått eit løyve frå politiet til å innføre det våpenet du har med deg, må du ha med løyvet når du kryssar grensa inn til Noreg.

Det finst også valdsprodukt som det er ikkje er tillate å innføre. Dette gjeld mellom anna

  • handgranatar
  • bomber
  • springknivar
  • batangaknivar
  • stillettknivar
  • elektrosjokkvåpen
  • slåsshanskar
  • blåserør
  • sprettertar

Produkta over er berre døme på kva som er tillate og kva som ikkje er tillate. Fullstendige lister over omfanget av produkt finn du i våpenforskrifta.

Toll- og avgifter på våpen du kjøper i utlandet

Nye og brukte våpen som er kjøpt i utlandet og som du tek med som reisegods, kan du innføre toll- og avgiftsfritt. Verdien kan ikkje vere over verdigrensa  for reisegods. Er verdien over verdigrensa, må du betale 25 prosent meirverdiavgift. Meirverdiavgifta vert rekna ut frå kjøpesummen i utlandet. Husk å ha med deg løyvet frå politi eller lensmann.

Vert våpenet sendt til deg frå utlandet, må du betale meirverdiavgift på 25 prosent. Meirverdiavgifta vert rekna ut frå kjøpesummen, samt porto og fraktkostnadene. Hugs å ha med deg løyvet frå politi eller lensmann når du hentar og fortollar våpenet.

Gå alltid på raud sone når du har med deg våpen

Du må alltid ta kontakt med Tolletaten på raud sone dersom du skal innføre eller utføre våpen som krev løyve. Det gjeld sjølv om du har eit gyldig løyve frå politiet og det du betalte for våpenet ikkje er over verdigrensa.

Tolletaten kan og vil beslagleggje våpen som blir avdekt i kontroll på grøn sone – uavhengig av om har eit gyldig løyve frå politiet og om det du betalte for våpenet er innanfor toll- og avgiftsfri kvote.

Har du spørsmål om innførsel av våpen eller korleis du søkjer om løyve til dette, må du kontakte politiet eller lensmannen der du bur.