Gå til innhold

Forenkla fortolling av alkohol og tobakk for privatpersonar

Som reisande til Noreg kan du, i tillegg til den toll- og avgiftsfrie kvota, fortolle inntil 27 liter øl eller vin, fire liter brennevin, 400 sigarettar og 500 gram tobakk eller snus.

Du kan fortolle varene over kvoten i KvoteAppen eller på ein av våre fortollingsautomatar. Alternativt må du gå på raud sone og fortolle der.

Satsar for 2016
VareMengdSats
Øl (også sterkøl) over 2,5 volumprosent, og annan drikk med alkoholstyrke over 2,5 til og med 4,7 volumprosent Til saman inntil 27 liter 20 kr pr. liter 7 kr pr. 0,33 liter
Drikk med alkoholstyrke over 4,7 og under 15 volumprosent (til dømes vin) 60 kr pr. liter 45 kr pr. heilflaske
Drikk med alkoholstyrke frå og med 15 til og med 22 volumprosent (til dømes sterkvin) 115 kr pr. liter 85 kr pr. heilflaske
Drikk med alkoholstyrke over 22 til og med 60 volumprosent (til dømes brennevin) Inntil 4 liter 325 kr pr. liter 230 kr pr. heilflaske
Røykjetobakk Til saman
inntil
500 gram
290 kr pr. 100 gram
Snus og skråtobakk 120 kr pr. 100 gram
Sigarar og sigarillos 290 kr pr. 100 gram
Sigarettar Inntil 400 stk. 290 kr pr. 100 stk
Sigarettpapir og -hylser Inntil 400 stk. 5 kr pr. 100 blad/hylser



 

 Ønskjer du å importere større mengder alkohol enn dette, gjeld vanlege avgiftssatsar.

Du kan ikkje innføre drikkevarer med alkohol med alkoholstyrke over 60 prosent utan særskilt løyve.

Tolletatens har fortollingautomatar på føljande stader

Lufthamner

Bergen lufthamn Flesland
Kristiansand lufthamn Kjevik
Moss lufthamn Rygge
Oslo lufthamn Gardermoen
Sandefjord lufthamn Torp
Stavanger lufthamn Sola
Tromsø lufthamn Langnes
Trondheim lufthamn Værnes

Svenskegrensa

Svinesund tollkontor

Ferger

Kristiansand fergeterminal

Colorline Color Fantasy (Oslo-Kiel)
Colorline Color Magic (Oslo-Kiel)
DFDS Crown Seaways (Oslo-København)
DFDS Pearl Seaways (Oslo-København)