Gå til innhold

Kjøp av fyrverkeri i utlandet

Dersom du har kjøpt fyrverkeri til dømes på ein handletur til Sverige, må du ha med deg eit løyve til å innføre dette til Noreg.

Det er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) som avgjer om du kan innføre fyrverkeri du har kjøpt i utlandet. Du må derfor søkje DSB om løyve til å innføre fyrverkeri til Noreg.

Du skal alltid kontakte Tolletaten på raud sone dersom du har med deg fyrverkeri over grensa. Der må du vise fram gyldig løyve frå DSB.

Tolletaten beslaglegg fyrverkeri som vert avdekt i kontroll på grøn sone – uavhengig av om du har eit gyldig løyve frå DSB og om det du betalte for fyrverkeriet er innanfor toll- og avgiftsfri kvote.

Har du spørsmål om innførsel av fyrverkeri eller korleis du søkjer om løyve til innførsel?