Gå til innhold

Kjøpe dyr i utlandet

Du må undersøkje hvilke krav som gjeld om du skal importere dyr du har kjøpt i utlandet. 

Dersom du skal importere dyr til Noreg, må du kontakte Mattilsynet. Det er viktig ikkje å importere dyr som kan ha med seg farleg smitte.

Toll og avgifter ved innførsel av dyr

Dersom du sjølv reiser for å kjøpe eit dyr i utlandet, gjeld verdigrensa for toll- og avgiftsfri import. Det vil seie at dersom du har vore i utlandet meir enn 24 timar, kan du ta med varer (dyr reknast som vare i denne samanhengen) for inntil 6 000 norske kroner. Er opphaldet kortare enn 24 timar, er verdigrensa 3 000 norske kroner.

Dei fleste kjæledyr er tollfrie, men du må alltid betale meirverdiavgift på 25 prosent dersom verdien er over verdigrensa.

Tollsatsen på hestar er 5 000 norske kroner pr. hest. I tillegg må du betale 25 prosent meirverdiavgift.

Ønskjer du å importere hest til Noreg, må du på førehand vere registrert for dette hos Mattilsynet.

Forbod mot enkelte hunderasar

Enkelte hunderasar vert sett på som farlege, og er derfor ikkje tillate å importere til Noreg utan eit spesielt løyve frå politiet. Det vil seie at du må søkje politiet om løyve til å ta med hunden til Noreg.

Trua dyreartar

Mange fugleartar, skilpaddeartar og reptilar er omfatta av reglane for trua dyreartar (CITES) og viltlova. Det kan derfor vere nødvendig å få løyve frå Miljødirektoratet i tillegg til Mattilsynet.