Gå til innhold

Bil til reparasjon eller service i utlandet

Dersom du skal reparere bilen din eller eit anna køyretøy i utlandet, skal du betale meirverdiavgift av tenesta.

Dersom du skjølv reiser med bilen gjeld verdigrensa for reisande. Verdigrensa  er på 3 000 eller 6 000 kroner avhengig av kor lenge du har vore ute av landet. Dersom verdien på reparasjonen/servicen er over verdigrensa, må du betale meirverdiavgift på 25 prosent av heile kostanden for reparasjonen og mogelege fraktkostnadar.

Meir om midlertidig ut- og innførsel i samband med reparasjonen

Det er ikkje noe krav frå Tolletaten i Noreg at du registrerer ein mellombels (midlertidig) utførsel på bilen når du køyrer den ut av landet sjølv eller fraktar en norskregistrert bil på hengar (skilta sit på bilen). Du bør likevel undersøkje med tollstyremaktene i det landet der du skal utføre reparasjonen / servicen om du treng ein mellombels utførselsdeklarasjon frå Noreg. Då må du møte ved eit lokalt tollkontor som vil skrive ut denne til deg utan kostnad. Fraktar du ein uregistrert (tidligare norsk registrert) bil på hengar, må du få laga ein utførselsdeklarasjon.

Du må også undersøkje med tollstyremaktene i landet der du skal utføre reparasjonen / servicen om kva for prosedyrar du skal følgje når du passerer den norske grensa. Det kan til dømes vere slik at du ved innførsel må stille depositum for meirverdiavgifta med grunnlag i verdet (verdien) på bilen.

Når du skal gjeninnføre bilen, må du igjen undersøkje med tollstyremaktene i landet der bilen er reparert / hatt service om kva for prosedyrar du må følgje ved gjenutførselen der.

Ved gjeninnførselen til Noreg, slepp du å betale meirverdiavgift dersom reparasjonskostnadane / servicekostnadane og verdet av moglege andre varer du har handla ikkje overstig verdigrensa du har som reisande.

Overstig reparasjonskostnadane / servicekostnadane verdigrensa, pliktar du å stoppe på raud sone for tollbehandling. Du må betale 25 % meirverdiavgift av heile beløpet, inkludert mogelege fraktkostnadar.

Dersom du nyttar ein profesjonell transportør til å frakte bilen din, skal denne kjenne tollprosedyrane.

Mogleg refusjon / tilbakebetaling av utanlandske avgifter (som til dømes meirverdiavgift), må du ta direkte med verkstaden. Dette er ikkje noko Tolletaten kan hjelpe deg med.