Gå til innhold

Raud eller grøn sone

Ved de fleste innreisestadane er det innført RAUD og GRØN sone. Gå på raud sone når du har noko du skal betale toll og avgifter for, eller dersom du har varer som krev særlege løyve.

  • Raud sone: Gå på raud sone når du har noko du skal betale toll og avgifter for, eller dersom du har varer som krev særlege løyve. Er du i tvil, gå på raud sone og spør Tolletaten.
  • Grøn sone: Ved å gå på grøn sone erklærer du at du berre har toll- og avgiftsfrie varer, og at du ikkje har med varer som krev særlege løyve.

Du kan gå på grøn sone når du

  • berre har med toll- og avgiftsfrie varer innanfor lovleg kvote og verdigrense, og
  • ikkje skal selje varene, men dei er til deg eller til gåve i privat samanheng, og
  • sjølv tar med deg varene, anten på deg eller i bagasjen, slik at du kan leggje dei fram når du passerer tollkontrollen.

Dersom bagasjen har kome bort og derfor kjem seinare, må du gå på raud sone og opplyse kva du har med deg i handbagasjen og kva som er i bagasjen elles.