Gå til innhold

Strategiske varer og forsvarsmateriell

For å kunne eksportere strategiske varer, forsvarsmateriell og fleirbruksvarer må du ha ein lisens utferda av Utanriksdepartementet.

Eksport av forsvarsmateriell, fleirbruksvarer og strategiske varer blir regulert av eksportkontrollova.

Eksportkontroll inneber at du ikkje kan eksportere visse varer, teknologi og tenester utan at du har utførselslisens utferda av Utanriksdepartementet. Dette gjeld forsvarsmateriell skildra på Liste I.

eksportkontroll_liste1.pdfListe I – forsvarsrelaterte varer (2016)

Du treng også ein lisens dersom du skal eksportere sivile varer, teknologi og tenester med potensiell militær bruk (fleirbruksvarer / "dual use") skildra på Liste II.

liste-ii---flerbruksvarer-2016.pdfListe II - flerbruksvarer (2016)

Liste I og II byggjer på det multilaterale eksportkontrollsamarbeidet som Noreg tek del i, og samsvarar med vareomfanget som er eksportregulert i henhald til EU si lovgjeving på området.

Les meir om eksportkontroll på Utanriksdepartementet sin nettstad