Gå til innhold

Handle kjøt, melk, ost og andre matvarer

Det er ei kvote på til saman 10 kilo kjøt, kjøtvarer, ost og fôrvarer når du reiser til Noreg frå eit anna EØS-land.

Denne grensa på 10 kilo gjeld ikkje hunde- og kattemat, berre anna dyrefôr.

Ut over kvota er det verdigrensa  som avgjer kor mykje matvarer du kan handle utan å betale norske avgifter.

Dersom du skal ta med deg kjøt, kjøtvarer eller mjølk, ost og andre mjølkeprodukt, skal desse vere handla innanfor EØS. Frå land utanfor EØS er det ikkje tillate for privatpersonar å ta med seg slike varer utan særleg løyve.

Du treng ikkje løyve om du har med deg kjøt, mjølk, ost og andre matvarer frå Sveits, Liechtenstein, Island, Andorra og San Marino.

Det er ikkje tillate å innføre poteter til Noreg utan særleg løyve.

Aldersgrense for barn

Barn kan berre ta med seg mineralvatn, sjokolade- og sukkervarer toll- og avgiftsfritt. Dersom dei skal ta med seg andre matvarer toll- og avgiftsfritt, må dei vere fylt 12 år.