Privatpersonar kan innføre inntil 50 posjonspakningar med hagebruksfrø utan løyve. Verksemder må ha eit plantesunnhetssertifikat for å importere plantar og frø. Dei må også vere registrert som importør hos Mattilsynet.
Import av hagebruksfrø til privatpersonar
Privatpersonar kan innføre inntil 50 posjonspakningar av hagebruksfrø uten løyve.
Når du reiser sjølv, kan du dessutan ta med deg små mengder frukt, grønsaker, planter og blomar til Noreg.
Import av plantar og frø til verksemder
Skal verksemda di importere plantar og frø, må den ha eit sunnhetssertifikat. Det er styresmaktene i eksportlandet som skriv ut plantesunnheitssertifikat. Det er du som importør som har ansvaret for at sertifikatet følgjer varene når dei kjem til Noreg. Du må leggje fram sertifikatet for Tolletaten ved importen.
Verksemda di må også vere registrert som importør hos Mattilsynet.
Det er Mattilsynet som er ansvarleg for regelverket knytt til import av plantar og frø.