Gå til innhold

Lagring av utanlandsk fritidsbåt i Noreg

Dersom du er busett utanfor Noreg, eller du har mellombels opphald i Noreg, kan fritidsbåten etterlatast i seks veker. Dersom du vil lagre båten lenger, må du søkje Tolletaten om dette.

Etterlate båten i inntil seks veker

Du kan etterlate ein mellombels innført båt i Noreg i inntil seks veker i løpet av ein periode på 12 månader utan å søkje Tolletaten om løyve til lagring. Båten kan ikkje disponerast av andre i denne perioden.

Lagring av båt i inntil to år

Dersom du ynskjer å etterlate båten lenger enn seks veker, må du søkje Tolletaten om løyve til dette på eige skjema før du forlèt landet. Totalt kan ein båt brukast og lagrast i Noreg i to år samanhengande frå innførselstidspunktet. I fyrste omgang søkjer du om å få etterlate båten i eitt år rekna frå det tidspunktet han vart innført. Har du behov for å etterlate båten endå lenger, kan du søkje Tolletaten om å få lagre båten vidare inntil du når grensa på to år. Ein slik søknad må vere sendt til Tolletaten før den opphavlege fristen går ut. Etterlaten båt kan ikkje disponerast av andre i desse periodane.

Søknadsskjemaet sender du til den tollregionen der båten skal liggje lagra.