Gå til innhold

Eksportguide for nybyrjarar

Her får du ei oversikt over kva du må tenkje på når du skal eksportere varer.

Guiden gjev deg hovudreglane ved eksport (eller utførsel) av varer frå Noreg, og rettleier deg vidare til meir utdjupande informasjon innanfor dei ulike tema.

Korleis eksporterer du varer?

Speditørar eller transportørar vil ofte kunne ta seg av deklarering og transport for deg. Ein speditør er ein person eller eit firma, som kan syte for transport, deklarering og fortolling for andres rekning.

Sjølv om du bruker speditør, er du som eksportør uansett ansvarleg for at deklarering og fortolling blir utført i tråd med regelverket.

Hugs at du i tillegg til å setje deg inn i reglane for eksport frå Noreg, må følgje regelverket for i import i mottakarlandet. Du må kontakte styresmaktene i mottakarlandet for meir informasjon om kva reglar som gjeld der.

Deklarere og tollekspedere varer for eksport

Før du kan eksportere varer, må du søkje Tolletaten om løyve. Dette gjer du ved å deklarere varene for Tolletaten. Dette gjeld alle varer som du skal eksportere frå Noreg. Tolletaten vil gje løyve til eksport ved å godkjenne deklarasjonen med eit ekspedisjons- og løpenummer.

Det vanlege er å bruke ein speditør til å deklarere varene for deg. Speditørar er som regel knytte opp mot Tolletaten sitt elektroniske fortollingssystem (TVINN), og utfører deklarering og fortolling elektronisk i dette systemet.

Frå 01.01.2023 er det no eit krav om elektronisk levering av deklarasjon frå næringsdrivande. Privatpersonar er fritekne frå kravet om elektronisk deklarering. Privatpersonar må derimot fylle ut Enhetsdokumentet (SAD-blanketten), møte opp hos Tolletaten med nødvendig dokumentasjon som faktura, fraktdokumentasjon, løyve og liknande.

Restriksjonar ved eksport

Somme varer er underlagde ein restriksjon ved eksport. Det vil seie at vara er avhengig av spesielle løyve eller at det gjeld spesielle vilkår ved eksport frå Noreg.

Hugs også å sjekke med styresmaktene i mottakarlandet om det er restriksjonar ved import av vara der.

Avgifter ved eksport

Det er berre ved eksport av fisk og fiskeprodukt du per i dag må betale avgifter.

Transport av varer

Når vara er deklarert og Tolletaten har gjeve løyve til eksport, kan transporten av vara starte. Du står fritt til sjølv å velje på kva måte du ynskjer å transportere vara og kven som skal sende den for deg.

Transport av varer gjennom andre land

Nokre varer blir transporterte gjennom fleire land på veg frå Noreg. Gjennom ei transittering tillèt tollforvaltninga transport frå seljaren i eitt land og fram til ein mottakartollstad i eit anna land, der transporten kan passere fleire land undervegs. Ei transittering skal sikre at varene kjem fram til framkomstmålet i mottakarlandet.

Frihandel og opphav

Bruker du opningane som ligg i frihandelsavtalane Noreg har, kan produkta dine få lågare toll eller tollfridom ved import til desse landa. Dette kallar vi preferansetollbehandling. For at mottakar skal få preferansetollbehandling i importlandet, må det vere utferda eit opphavsbevis for varene.