Gå til innhold

Import av kosmetikk for privatpersoner

Det er ikkje tollavgift på kosmetikk, men du må betale meirverdiavgift på 25 prosent når du handlar kosmetikk frå utlandet.

Mange handlar sminke, sjampo, kremar, parfyme og hudpleieprodukt frå utanlandske nettbutikkar. Dette er i utgangspunktet lov å importere, men då mange av produkta kan vere tilsett stoff som vert rekna som legemiddel i Noreg, kan det vere restriksjonar og reglar som ikkje tillatar import. Du må difor sjekke dette før du bestiller.

Kva kostar det å importere kosmetikk?

Handlar du frå ein nettbutikk som er registrert i VOEC-ordninga, betalar du 25 % norsk meirverdiavgift direkte i nettbutikken. Leis meir om VOEC-ordninga her.

Handlar du frå ein nettbutikk som ikkje er registrert i VOEC-ordninga, gjeld inntil vidare ei overgangsordning kor du ikkje har plikt å gje melding om varesendingar med ein verdi på under 350 kroner. Les meir om overgangsordninga her.

Dersom sendinga har ein verdi på 350 kroner eller meir, skal du betale meirverdiavgift på 25 prosent.

Den som fraktar vara, til dømes Posten, krev som regel ei betaling for arbeidet med å deklarere varer for prosedyren overgang til fri disponering ( tidligere kalt pris for forenkla fortolling, fortollingsgebyr eller ekspedisjonsgebyr). Denne betalinga er ikkje eit gebyr til Tolletaten, men ei betaling til transportøren.