Gå til innhold

Nytt format på tollstadslister frå og med 29. april

På nettsidene våre lenkjer vi til EUs nettside der du kan laste ned tollstadslister (COL – Customs Office Liste) i XML-format for bruk i NCTS.

Tidlegere har vi varsla at frå og med 1.12.18 skulle formatet endrast til generisk XML. Denne fristen vart utsett, og gammalt XML-format er per i dag framleis tilgjengeleg.

EU har no varsla at frå og med 29. april 2019 blir bruken av gammalt XML-format fjerna frå EUs system (CSRD2) og erstatta med generisk XML-format. Dette medfører at tollstadslista (COL) som er tilgjengeleg for nedlasting på nettsidene til EU vil bli erstatta med generisk XML.

Del med andre: