Gå til innhold

Altinn-skjema for etterdeklarering blir obligatorisk frå 3. februar

Frå 3. februar 2020 blir det obligatorisk å bruke skjema i Altinn for bedrifter som skal deklarere varer etter grensepassering.

Skjemaet har vore tilgjengeleg sidan 19. juni 2019.

Slik fungerer løysinga:

1. Du som er varemottakar eller din representant loggar deg inn i Altinn og opnar skjemaet «Etterdeklarering».
2. Du fyller inn opplysningar, legg ved nødvendige dokument og sender skjemaet via Altinn.
3. Tolletaten registrerer saka.
4. Varemottakaren får automatisk eit brev via e-Formidling eller til oppgitt e-postadresse. Her stadfestar vi at vi har teke imot skjemaet og kva saksnummer saka har fått.
I brevet vil vi gi informasjon om korleis de skal etterdeklarere.

Meir informasjon

Hugs at du kan opprette nyheitsbrev slik at du får varsel om endringar.