Her finn du høyringar som Tolletaten gjennomfører på vegne av Finansdepartementet ved endringar av regelverk.
Å ha ei sak ute på høyring vil seie at departementet ønskjer å "høyre" kva partane som endringane får følgjer for har å seie om eit forslag. Det kan vere offentlege og private institusjonar, verksemder og andre departement. Bakgrunnen er ønsket om å vurdere konsekvensane av offentlege tiltak på best mogeleg vis. Høyringsfristen er normalt tre månader, og ikkje mindre enn seks veker. Høyringsordninga er formelt regulert i utgreiingsinstruksen. At ei sak er på offentleg høyring går ut på at alle som ønskjer det kan sende inn ei vurdering av saka.
Kvar sak inneheld høyringsbrev, høyringsnotat, høyringsliste og eventuelle andre dokument som høyrer til saka. Tolletaten vil publisere høyringssvara når vi får dei inn.