Gå til innhold

Utførsel av våpen

Våpenlova eller eksportkontrollova  regulerer utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Kva for lov som gjeld kjem an på kva for type utførsel det er snakk om.

Det er politiet som har ansvaret for våpenlova, mens Utenriksdepartementet han ansvaret for eksportkontrollova.

Som en hovudregel skillar vi mellom om utførselen er i næringsamanheng (ervervsmessig) eller i privat samanheng (ikkje-ervervsmessig).

Utførsel i næringssamanheng

For utførsel i næringssamanheng (ervervsmessig) utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon gjelder Utenriksdepartementets reglar. (Eit døme på ervervsmessig utførsel er når registrerte våpenhandlarar sel våpen ut av Noreg)

Eksportkontrollova

Eksporkontrollforskrifta

Reglane gjeld også ved utførsel knytta til privat sal til utlandet. For utførsel av våpen med vidare, som er regulert i dette regelverket krev styresmaktane utførselslisens. For nærare informasjon, sjå www.eksportkontroll.no.

Legg merke til unnataket  i § 8 c i eksportkontrollforskrifta om utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som utførast i henhald til våpenforskrifta, femte del

Sjå også: Strategiske varer og forsvarsmateriell

Utførsel i privat samanheng

For utførsel av skytevåpen, våpendeler og ammunisjon i privat samanheng (ikkje-ervervsmessig) gjelder våpenforskrifta.

Våpenforskrifta

Dersom utførselen skal gjelde permanent, som ved sal eller gåve, må du ha løyve (tillatelse) frå politimesteren. Sjå meir informasjon på politi.no

Dersom du skal utføre våpenet mellombels (midlertidig), til dømes i samband med jakt eller konkurranse, gjeld andre reglar. Sjå reise med våpen

Grensepassering med våpen, våpendelar og ammunisjon

Når du skal passere grensa med våpen, våpendelar og ammunisjon skal du etter hovudregelen leggje fram våpen og dokumentasjon til Tolletaten for kontroll.

Gå på raud sone

Dersom du har eit gyldig løyve frå politiet til å inn- eller utføre eit våpen

Gå på raud sone

Dersom du har kjøpt eit våpen i utlandet, uavhengig av om det er innanfor eller utanfor verdigrensa .

Unnataket: Gå på grøn sone

Dersom du har et gyldig våpenpass og reiser innanfor EU/EØS

Tolletaten kan og vil ta beslag i våpen som vi finn i kontroll på grøn sone sjølv om løyvet er i orden. Det einaste unnataket er dersom du reiser med eit gyldig våpenpass.

Del med andre: