Gå til innhold

Reise med våpen

Skal du ha med deg våpen til eit anna EØS-land, kan du søkje om europeisk våpenpass. Skal du utanfor EØS, må du levere ei erklæring til Tolletaten ved grensepassering.

Reglane som vi forklarer under gjeld berre når du reiser med eige våpen. Det vil seie at du ikkje kan ta med deg eit lånt våpen til utlandet.

Dersom du skal utføre våpenet mellombels (midlertidig) til utlandet, til dømes i samband med jakt eller konkurranse, må du som hovudregel tolldeklarere våpenet for utførsel.

Våpenpass dersom du reiser innanfor EU/EØS

Kravet til tolldeklarasjon gjeld ikkje dersom

  • du har eit gyldig europeisk våpenpass for det aktuelle våpenet, og
  • utførselen gjeld for kortare tid enn 3 mnd, og
  • du reiser innanfor EU/EØS.

Du søker om våpenpass hos din lokale politistasjon.

Vedlegg_328.pdfLast ned søknadsskjema på politiets nettsider

Dersom du har eit gyldig europeisk våpenpass, treng du ikkje å deklarere våpenet ditt for Tolletaten ved ut- og innreise til Noreg og du kan gå på grøn sone.

Reise med våpen til Sverige

Svenske tollstyresmakter har ein registreringsordning for mellombels innførsel av våpen til Sverige. Du kan registrere elektronisk på nettsidene til svensk toll www.tullverket.se eller ved ein svensk tollstasjon. Du bør også undersøke dei svenske reglane knytt til innførsel av lyddemparar. Lyddemparar kan også vere eksportregulert ved utførsel frå Noreg.

For nærmare informasjon, sjå www.eksportkontroll.no

Dersom du ikkje har våpenpass eller reiser utanfor EØS

Dersom du ikkje har eit gyldig våpenpass eller reiser til et land utanfor EØS, må du deklarere våpenet hos Tolletaten ved utreise og innreise. Du leverer ei erklæring som gjeld for éin reise i inntil eitt år.

Erklæringa får du hos Tolletaten, eller du kan laste den ned på politiets nettsider.

erklaring-om-midlertidig-utforsel-av-skytevapen.pdfLast ned erklæring om midlertidig utførsel av skytevåpen frå politi.no

Erklæringa skal du fylle ut i to eksemplarar. Når du reiser ut av Noreg, må du gå på raud sone og levere erklæringa til Tolletaten. Tolletaten tar vare på det eine eksemplaret. Det andre eksemplaret må du levere til Tolletaten når du kjem tilbake til Noreg.

Våpenkort

Hugs at du også må ha med deg våpenkortet ditt når du reiser med våpen. Våpenkortet viser at du har løyve (tillatelse) til å eige eit skytevåpen.

Les mer om å reise med våpen og søk om våpenpass på politiets nettsider

Flytte til utlandet

Dersom du flyttar til utlandet og vil ha med deg våpen, våpendeler eller ammunisjon, må du søkje politiet om løyve (tillatelse) til å ta med deg dette ut av Noreg.

Sjekk reglane i landet du skal reise til

Hugs å sjekke reglene som gjeld i landet du reiser til. Du bør forsikre deg om at våpenpasset strekk til, eller om det er nasjonale ordningar i tillegg.

Grensepassering med våpen, våpendelar og ammunisjon

Når du skal passere grensa med våpen, våpendelar og ammunisjon skal du etter hovudregelen leggje fram våpen og dokumentasjon til Tolletaten for kontroll.

Gå på raud sone

Dersom du har eit gyldig løyve frå politiet til å inn- eller utføre eit våpen

Gå på raud sone

Dersom du har kjøpt eit våpen i utlandet, uavhengig av om det er innanfor eller utanfor verdigrensa .

Unnataket: Gå på grøn sone

Dersom du har et gyldig våpenpass og reiser innanfor EU/EØS

Tolletaten kan og vil ta beslag i våpen som vi finn i kontroll på grøn sone sjølv om løyvet er i orden. Det einaste unnataket er dersom du reiser med eit gyldig våpenpass.

Kontakt politiet

Det er politiet som har ansvaret for regelverket om inn- og utførsel av våpen, våpendeler og ammunisjon. Ta kontakt med politiet på telefon 0 28 00 eller sjå politi.no for meir informasjon om å reise med våpen.