Gå til innhold

Reise ut av Noreg med skytevåpen

For mellombels (midlertidig) utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, til dømes i samband med jakt eller konkurranse i utlandet, må du som hovudregel leggje fram og deklarere våpenet for Tolletaten før grensepassering ut frå Noreg.

Skal du ha med deg skytevåpen til eit EU/EØS-land, kan du søkje om europeisk våpenpass.

Europeisk våpenpass dersom du reiser innanfor EU/EØS

Kravet om å leggje fram og deklarere våpenet ved utførsel gjeld ikkje dersom

  • du har eit gyldig europeisk våpenpass for våpenet, som er til personleg bruk, og
  • utførselen gjeld for eit tidsrom på inntil  3 månader, og
  • du reiser innanfor EU/EØS.

Dersom du har gyldig europeisk våpenpass for våpenet og har reist innanfor EU/EØS i inntil tre månader, treng du ikkje å leggje fram og deklarere våpenet for Tolletaten ved heimreise (innreise til Noreg). Der det er innført raud og grøn sone, kan du gå på grøn sone. Du må kunne vise både våpen og europeisk våpenpass på førespurnad.

Du søkjer politiet om europeisk våpenpass.

Meir informasjon om grensepassering med skytevåpen og europeisk våpenpass - sjå politiet sin nettstad.

Reise med skytevåpen til Sverige

I tillegg til de reglane som gjeld etter norsk regelverk, er det eigne reglar for å reise med skytevåpen til Sverige.

Svenske tollstyresmakter har ein registreringsordning for mellombels innførsel av skytevåpen til Sverige. Du kan registrere våpenet elektronisk på nettsidene til svensk toll www.tullverket.se eller ved ein svensk tollstasjon. Du bør også undersøke dei svenske reglane knytt til innførsel av tilbehør til våpen som til dømes lyddemparar og kikkertsikter.

Lyddemparar kan også vere eksportregulert ved utførsel frå Noreg.

For nærmare informasjon, sjå www.eksportkontroll.no

Dersom du ikkje har europeisk våpenpass eller reiser utanfor EU/EØS

Dersom du ikkje har eit gyldig europeisk våpenpass, reiser til et land utanfor EU/EØS, eller skal på reise for eit tidsrom på meir enn tre månader, må du leggje fram og deklarere våpenet for Tolletaten før utreise frå Noreg. Plikta til å leggje fram og deklarere gjeld også for skytevåpen som er deaktivert i samsvar med våpenlova § 27.

Du deklarerer våpenet for tollmyndigheitene ved å levere ei utfylt erklæring om mellombels utførsel av skytevåpen på fastsett skjema frå politiet, jf. våpenforskrifta § 10-17. Erklæringa gjeld for ein reise og er gyldig i inntil eit år.

Erklæring om mellombels utførsel skal du fylle ut i to eksemplara. Når du reiser ut av Noreg, beheld Tolletaten det eine eksemplaret av erklæringa.

Det andre eksemplaret av erklæringa må du levere til Tolletaten når kjem tilbake til Noreg. Ved innpasseringssteder der det er innført raud og grøn sone, må du gå på raud sone. Tolletaten kan ta beslag i skytevåpen som avdekkjast i kontroll på grøn sone sjølv om erklæringa er i orden.

melding-om-midlertidig-utforsel-uten-vapenpass.pdfSkjema for melding om midlertidig utførsel uten våpenpass

Våpenkort

Hugs å ta med deg våpenkortet ditt når du reiser med våpen. Våpenkortet viser at du er den rettmessige eigaren av skytevåpenet.

Reise med lånt skytevåpen

Har du spørsmål om å reise frå eller til Noreg med våpen du har lånt av andre, må du kontakte politiet på telefon 0 28 00 eller sjå politi.no for meir informasjon.

Flytte til utlandet

Dersom du flyttar til utlandet og vil ha med deg skytevåpen, våpendeler eller ammunisjon, må du søkje politiet om løyve (tillatelse) til å ta med deg dette ut av Noreg. Sjå også Utførsel av våpen.

Sjekk reglane i landet du skal reise til

Hugs å sjekke reglene som gjeld i landet du reiser til. Du bør forsikre deg om at europeisk våpenpass strekk til, eller om det er nasjonale ordningar i tillegg.

Kontakt politiet

Det er politiet som har ansvaret for regelverket om inn- og utførsel av skytevåpen, våpendeler og ammunisjon. Ta kontakt med politiet på telefon 0 28 00 eller sjå politiets nettsider om våpen for meir informasjon om å reise med våpen inn og ut frå Noreg.

Regelverk og retningslinjer