Gå til innhold

Import av våpen for privatpersonar

Dersom du handlar skytevåpen, våpendeler og ammunisjon i utlandet, må du vere merksam på at du ikkje kan innføre våpen utan eit løyve frå politiet.

Denne informasjonen gjeld deg som importerer våpen til eige bruk. Det vil seie ikkje import for videresal eller i anna type næringsverksemd (ervervsmessig).

Det er politiet som har ansvaret for regelverket om inn- og utførsel av våpen, våpendelar og ammunisjon. For å innføre ein del typer våpen, våpendelar og voldsprodukt kan du trenge løyve (tillatelse) frå politiet eller lensmannen i distriktet der du er busett.

Kva er tillate å innføre utan løyve

Nokre skytevåpen er tillate innført til Noreg utan at du treng løyve frå politi eller lensmann. Dette gjeld mellom anna

  • luftgevær og -pistol med kaliber 4,5 mm eller mindre
  • signalpistol og andre innretningar for signalgjeving (må ikkje forvekslast med knallvåpen - som er importregulert)
  • air-softgun
  • paintball

Det er 18-års aldersgrense for innførsel av luftvåpen, paintball og air-softgun.

Når må du ha løyve frå politiet

For nokre våpentypar, våpendelar og ammunisjon kan du trenge løyve frå politiet. Døme på våpentypar, våpendelar og ammunisjon der du må ha løyve frå politiet:

  • rifler
  • hagler
  • kombinasjonsvåpen (rifle/hagle)
  • pistolar
  • luftgevær og -pistoler grovare enn 4,5 mm
  • maskinpistolar/maskingevær
  • gassvåpen
  • patronar
  • prosjektilar
  • hylser med ladning eller tennmiddel
  • sprengstoff
  • lys-, brann-, gift- og tåregassboksar
  • armbrøst
  • dei fleste typar forsvarsspray

Det er også krav om løyve fra politiet for skytevåpen som er deaktiverte i samsvar med reglane etter våpenlova § 27.

Dersom du har fått eit løyve frå politiet til å innføre det våpenet du har med deg, må du ha med løyvet når du kryssar grensa inn til Noreg.

Det finst også valdsprodukt som det er ikkje er tillate å innføre. Dette gjeld mellom anna

  • handgranatar
  • bomber
  • springknivar
  • batangaknivar
  • stillettknivar
  • elektrosjokkvåpen
  • slåsshanskar
  • blåserør
  • sprettertar

Produkta over er berre døme på kva som er tillate og kva som ikkje er tillate. Fullstendige lister over omfanget av produkt finn du i våpenforskrifta.

Toll- og avgifter dersom du innfører skytevåpen, våpendelar og ammuniasjon.

Nye og brukte våpen som er kjøpt i utlandet og som du tek med som reisegods, kan du innføre toll- og avgiftsfritt. Verdien kan ikkje vere over verdigrensa  for reisegods . Er verdien over verdigrensa, må du betale 25 prosent meirverdiavgift. Meirverdiavgifta vert rekna ut frå kjøpesummen i utlandet. Hugs å ha med deg løyvet frå politi eller lensmann.

Dersom våpenet vert sendt til deg frå utlandet, må du betale meirverdiavgift på 25 prosent. Meirverdiavgifta vert rekna ut frå kjøpesummen, samt porto og fraktkostnadane. Hugs å ha med deg løyvet frå politi eller lensmann når du hentar og fortollar våpenet.

Har du spørsmål om innførsel av våpen eller korleis du søkjer om løyve til dette, må du kontakte politiet eller lensmannen der du bur.

Grensepassering med våpen, våpendelar og ammunisjon

Når du skal passere grensa med våpen, våpendelar og ammunisjon skal du leggje fram våpen og dokumentasjon til Tolletaten for kontroll.

Ved innpasseringsstader der det er innført raud og grøn sone, må du gå på raud sone. Tolletaten kan og vil ta beslag i skytevåpen som vert avdekt i kontroll på grøn sone sjølv om løyvet er i orden. 

Gå på raud sone

Dersom du har eit gyldig løyve frå politiet til å inn- eller utføre eit våpen

Gå på raud sone

Dersom du har kjøpt eit våpen i utlandet, uavhengig av om det er innanfor eller utanfor verdigrensa.

Unnataket:
Gå på grøn sone

Dersom du har et gyldig våpenpass og reiser innanfor EU/EØS .


Tolletaten kan og vil ta beslag i våpen som vi finn i kontroll på grøn sone sjølv om løyvet er i orden. Det einaste unnataket er dersom du reiser med eit gyldig våpenpass.