Gå til innhold

Import av legemiddel og urter

Dersom du skal importere legemiddel og urter, må du ha løyve frå Statens legemiddelverk.

 

Det er ulike reglar for import avhengig av om norske styresmakter ser på vara som eit legemiddel, dopingmiddel eller eit kosttilskot. Mange varer vert selde som kosttilskot i utlandet, men vert rekna som legemiddel eller dopingmiddel i Noreg.

Det er klassifiseringa av vara etter norsk lov som er avgjerande, ikkje korleis avsendarlandet klassifiserer vara.

Merk at innførsel av radioaktive legemiddel krev innførselsløyve frå Statens strålevern.
Sjå § 9 i) i strålevernforskrifta