Gå til innhold

Kunstverk og meirverdiavgift

Hovudregelen er at du skal betale meirverdiavgift for kunstverk du importerer til Noreg. I visse tilfelle kan du få godkjent fullt eller delvis fritak for meirverdiavgifta.

To krav må vere innfridd for å få fullt fritak for meirverdiavgifta:

  • kunstverket må vere rekna som eit kunstverk i meirverdiavgiftsforskrifta
  • kunstverket er laga av ein nolevande kunstnar som sjølv importerer kunsten

Definisjonen av kunstverk

Definisjonen av eit kunstverk med tanke på meirverdiavgifta finn du i meirverdiavgiftsforskrifta § 1-3-2

Kunst av nolevande kunstnarar

Nolevande kunstnarar kan importere eigne originale kunstverk avgiftsfritt. Fritaket gjeld også ved bruk av mellommann dersom importen skjer i kunstnarens namn. Ein person, institusjon, næringsdrivande eller kunst- eller antikvitetshandlar, som opptrer på vegne av kunstnaren i samband med importen av kunstverket, reknar vi som ein mellommann.

Dersom du er er busett i Noreg og kjøper eit kunstverk direkte frå kunstnaren i utlandet eller gjennom ein mellommann, til dømes frå eit galleri, skal du heller ikkje betale meirverdiavgift. Avgiftsfritaket gjeld uavhengig av kven som står som mottakar på deklarasjonen, så lenge importen skjer direkte frå kunstnaren eller frå mellommannen til kunstnaren.

Dersom kunstverket vert kjøpt frå ein annan enn kunstnaren, til dømes frå eit galleri som ikkje representerer kunstnaren, vil Tolletaten ikkje gje fritak for meirverdiavgifta. Med andre ord er kravet for at Tolletaten gjer fritak at omsetjinga/importen skjer frå den personen som har skapt kunstverket, eller frå ein mellommann til kunstnaren. I denne samanhengen vert ikkje galleriet sett på som ein mellommann på vegne av kunstnaren.

Påbyrja kunstverk

Du betaler heller ikkje meirverdiavgift av påbyrja kunstverk dersom du har følgt krava nemnt i avsnittet om «Kunst av nolevande kunstnarar». Derimot er material som vert importert separat og som skal brukast i framstillinga av eit kunstverk i Noreg, ikkje friteken for meirverdiavgift

Kunst av avdøde kunstnarar

Dersom du vil importere kunstverk av avdøde kunstarar til Noreg, gjeld ikkje fritaket og du må betale meirverdiavgift.

Delvis fritak – lågare utrekningsgrunnlag – full avgiftsplikt

Dersom kunstverket ikkje vert importert av kunstnaren eller mellommannen, men likevel reknast som kunst etter definisjonane i meirverdiavgiftsforskrifta § 1-3-2, settast utrekningsgrunnlaget til 20 % av verdet til kunstverket medrekna frakt og forsikring. Dette utrekningsgrunnlaget gjeld tilsvarande som for kunstverk av avdød kunstnar.

Dersom kunstverket ikkje kan reknast som kunst etter definisjonane i § 1-3-2, skal du betale meirverdiavgift av heile verdet medrekna frakt og forsikring. Dette gjeld kunstverk av både nolevande og avdøde kunstnarar.

Skatteetatens ansvar fra 1. januar 2017

Skatteetaten overtok forvaltningssansvaret for meirverdiavgift ved innførsel frå 1. januar 2017. For meir informasjon om fritak for meirverdiavgift ved innførsel av kunst, gå til www.skatteetaten.no.