Gå til innhold

Kjemikaliar

Skal du importere kjemikaliar, har du ulike plikter avhengig av om vara di er eit stoff, ei stoffblanding eller eit produkt.

Det første du må gjere, er å sjekke om det europeiske kjemikalieregelverket REACH og CLP gjeld for stoffet, stoffblandinga eller produktet ditt. Dette vil avgjere kva plikter du har ved import av slike varer.

Det europeiske kjemikalieregelverket (REACH) om registrering, vurdering, godkjenning og avgrensing av kjemiske stoff gjeld i Noreg gjennom EØS-avtalen. I Noreg er dette regelverket teke inn i REACH-forskrifta.

CLP regulerer farlege kjemiske stoff og stoffblandingar (klassifisering og merking).

I Noreg er det Miljødirektoratet som er ansvarleg styresmakt.