Gå til innhold

Produsent av fisk og sjømat

Opphavsreglane får ulik bruksmåte avhengig av om eksportøren er produsent eller forhandlar.

I denne samanhengen er ein produsent den som har produsert eksportvara etter dei krava som er fastsette i gjeldande frihandelsavtale.

Med produksjon reknar ein tilarbeiding/produksjon som går utover dei minimale operasjonane, som i frihandelsavtalane er nemde som utilstrekkeleg tilarbeiding eller foredling.

Innanfor fiskeribransjen høyrer blant anna desse prosessane til omgrepet produksjon

  • filetering
  • røyking
  • saltfiskproduksjon
  • tørrfisk- og klippfiskproduksjon