Gå til innhold

Fremstilt i heilskap

Ei vare er rekna som framstilt i heilskap i Noreg (EØS) eller eit avtaleland når det i produksjonen berre er brukt materiale som har opphav i Noreg (EØS) eller det aktuelle avtalelandet.

Her er eit utdrag av kva som er rekna som "framstilt i heilskap" i Noreg (EØS):

  • levande dyr føydde og alte i Noreg (EØS)
  • produkt av levande dyr alte i Noreg (EØS)
  • produkt frå jakt og fiske drive i Noreg (EØS)
  • produkt frå sjøfiske og andre produkt tekne opp av havet utanfor norsk sjøterritorium ved hjelp av norske (EØS) fartøy
  • produkt framstilte på norske fabrikkskip utelukkande av produkt frå sjøfiske og andre produkt tekne opp av havet utanfor norsk sjøterritorium ved hjelp av norske (EØS) fartøy
  • avfall og skrap frå fabrikasjonsverksemd som har funne stad i Noreg (EØS)

For fisk fanga ved fiske i havet av fartøy frå Noreg (EØS), gjeld spesielle reglar om registrering, eigarskap og bemanning av fartøyet. Desse reglane må vere haldne for at fisken skal få opphavsstatus. Desse reglane lyder:

Betegnelsene "deres fartøyer" og "avtalepartenes fabrikkskip" gjelder kun fartøyer og fabrikkskip:

a. som er registrert eller anmeldt i en avtalepart;

b. som fører flagg tilhørende en avtalepart;

c. som med en andel av minst 50 % eies av statsborgere i en avtalepart, eller av et selskap med hovedsete i en av disse stater, hvor administrerende direktør eller direktører, styrets eller representantskapets formann og flertallet av medlemmene i disse organer er statsborgere i en avtalepart, og videre når det gjelder ansvarlige selskaper eller selskaper med begrenset ansvar, hvorav minst halvparten av kapitalen tilhører disse stater eller offentlige sammenslutninger eller statsborgere i de nevnte stater;

d. hvor skipsføreren og skipets offiserer er statsborgere i en avtalepart; og

e. hvor minst 75 % av mannskapet er statsborgere i en avtalepart.

Fisk fanga innanfør territorialgrensa og slakta oppdrettsfisk vil vere "fremstilt i heilskap" i Noreg.

Avfall og skrap frå fabrikasjonsverksemd

Under definisjonane av kva som er rekna som "framstilt i heilskap" ovanfor, er det blant anna nemnt avfall og skrap frå fabrikasjonsverksemd som har funne stad i eit avtaleland. Det reiser spørsmål om avskjer og anna avfall frå fiskeproduksjon kan reknast som "framstilt i heilskap" slik at også avfall frå russisk fisk får EØS-opphav sjølv om avfallet blir utnytta til produksjon av varer i kapittel 3 og 16. Rekeskal, fiskebein, innvolar etc. kan som regel reknast som avfall og skrap.

Kva som elles kan reknast som slikt avfall og skrap, vil vere avhengig av kva som blir produsert. Det må derfor først avgjerast kva som er det primære produktet, til dømes filetar, klippfisk etc. Avfallet etter slik produksjon kan vere avskjer som finnar, restar av kjøt på bein, bein etc. Det kan ikkje gjevast noko eintydig svar, men ei vurdering må gjerast i kvart enkelt tilfelle.