Gå til innhold

Nasjonale opphavsreglar

Nasjonale opphavsreglar blir brukte for å fastsetje opphavet når preferansetollbehandling ikkje er kravd eller varene ikkje oppfyller dei preferensielle reglane i dei ulike frihandelsavtalane.

Dei blir bl.a. brukte i samband med

  • MFN-behandling (most favoured nation=bestevilkårsprinsippet)
  • anti-dumping- og utlikningstoll
  • vernetiltak
  • krav om opphavsmerking
  • i samband med diskriminerande kvantitative restriksjonar
  • tollkvotar
  • offentleg innkjøp
  • handelsstatistikk

I dag varierer landa sine nasjonale reglar på det ikkje-preferensielle området. Enkelte land har generelle reglar, medan andre har eit meir detaljert regelverk. I Noreg har ein tollmessig stort sett basert opphavsopplysning etter det enkle prinsippet om at opphavslandet for råvarer er det landet der råvarene stammar frå/er produserte. For tilarbeidde varer (der meir enn eitt land er involvert) er opphavslandet det landet der varene har gjennomgått den siste vesentlege tilarbeidinga og fått den noverande forma si.

EU-reglane er tekne inn i EUs tollov (tollkodeks) og tilsvarer i hovudprinsippet dei norske. EU sitt regelverk er likevel meir detaljert bl.a. når det gjeld reglar for ulike råvarer/naturprodukt, og når det gjeld prosessreglar tekne inn i gjennomføringsreglane i tollkodeksen.

I relasjon til EUs autonome kvotar  og WTO (GATT)-kvotar gjeld dei nasjonale ikkje-preferensielle opphavsreglane.

Du nyttar opphavsbeviset Certificate of Origin når du skal eksportere ikkje-opphavsprodukt.