Om du er eksportør eller leverandør av fisk eller annan sjømat ligg dei sama dokumentasjonskrava til grunn.
Med eksportør i denne samanhengen meiner vi ei bedrift som utferdar opphavsbevis ved eksport til utlandet.
Det som kjenneteiknar ein leverandør, er at dei i første rekkje leverer opphavsmateriale eller opphavsprodukt til eksportørar. Som dokumentasjon på opphavet vil desse utferde ei nasjonal leverandørerklæring.
Både eksportørar og leverandørar har same krav til å dokumentere opphavet på dei produkta som det blir utferda opphavsdokumentasjon for.
Eksportør/leverandør kan igjen delast opp i to hovedgrupper - produsentar eller forhandlarar. Enkelte bedrifter kan operere både som produsent og forhandlar. I denne samanhengen er ein produsent den som har produsert eksportvara etter dei krava som er fastsette i gjeldande frihandelavtale.
I eksportdokumenta skal varene kunne følgjast frå landinga av råvara, gjennom eventuell produksjon og heilt til eksporttidspunktet. Dette er forhold som du som eksportør må ta høyd for før du utferdiga av eit opphavsbevis.
Har du ikkje meir grunnlagsdokument enn ein nasjonal leverandørerklæring? Då må leverandøren som har utferdiga denne ha grunnlagsdokumentasjon til støtte for si erklæring.
Godkjend eksportør
Ein godkjend eksportør er ein eksportør som er gjeven løyve av tollstyremaktene til sjølv å utferde opphavebevis (fakturaerklæring) uavhengig av verdien av opphavsprodukta. Eksportørar som ikkje har slikt løyve, kan berre bruke fakturaerklæring når verdien av opphavsprodukta ikkje overstig EUR 6000 (tilsvarandre NOK 65 000).
Kor går eksporten?
- Eksport til EU
- Eksport til eit land utanfor EU som vi har frihandelsavtale med
- Eksportere til eit land vi ikkje har frihandelsavtale med
Mannskapskrav i frihandelsavtalane
For fiskeeksport er det i mange døme krav om at vara må vere fremstilt i si heilhet i eksportlandet. For fisk fanga utenfor tollområdet er kravet at fangsten må vere gjort av «deira fartøy», dvs. avtaleparten sitt fartøy. Noreg arbeider i alle forhandlingar om at «flaggregelen» skal vere avgjerande, men i dei fleste avtalane er det bl.a. også krav til mannskapa, skipsførar og offiserane sitt statsborgarskap.
Til EU og land knytta til Opprinnelseskonvensjonen (PEM), hvis konvensjonsreglane nyttast
- «Fiskebrevet»: Alle offiserar, skipsførar og minst 75 % av mannskapet må komme frå Noreg eller eit EU-land.
- Kompensasjonsavtalane: Alle offiserar, skipsførar og minst 75 % av mannskapet må komme frå Noreg eller eit EU-land.
- EØS-avtalen: Alle offiserar, skipsførar og minst 75 % av mannskapet må komme frå Noreg, Island eller eit EU-land.
- Til andre land knytta til Opprinnelseskonvensjonen (PEM) (Albania, Færøyene, Sveits, Egypt, Israel, Palestina, Jordan, Liechtenstein, Libanon, Marokko, Tunisia, Tyrkia, Bosnia-Herzegovina, Nord-Makedonia, Montenegro, Serbia, Ukraina, Georgia): Alle offiserar, skipsførar og minst 75 % av mannskapet må komme frå eit EFTA-land eller vedkommande avtalepart.
Til EU og land knytta til Opprinnelseskonvesjonen (PEM), hvis dei alternative reglane (revidert PEM) er tatt inn i ein frihandelsavtale med aktuelle PEM-land og kan nyttast
Ingen mannskapskrav.
Det er ikkje alle PEM-land som har tatt dei nye reviderte reglane. For de landane som ikkje har tatt dei reviderte reglane, gjeld konvensjonsreglane: alle offiserar, skipsførar og minst 75 % av mannskapet må komme frå eit EFTA-land eller vedkommande avtalepart.
Til andre frihandelsparter (ikkje-PEM)
Til Canada, Chile, Colombia, Costa Rica, Ecuador, Gulf Cooperation Council (Bahrain, Kuwait, Oman, Qatar, Saudi Arabia og De Forente Arabiske Emirater), Hongkong, Indonesia, Panama, Peru, Singapore, South African Customs Union (Botswana, Namibia, Eswatini, Sør-Afrika og Lesotho), Sør-Korea: ingen mannskapskrav.
Til Mexico: Alle offiserar, skipsførar og minst 75 % av mannskapet må komme frå eit EFTA-land eller Mexico.
Til Filippinene: Alle offiserar, skipsførar og minst 75 % av mannskapet må komme frå den eksporterande avtaleparten.