Gå til innhold

Eksportavgifta for fisk og fiskevarer

Her finn du informasjon fra Noregs sjømatråd om eksportavgifta og registreringsplikta.

Krav til registrering som eksportør

For å kunne eksportere fisk frå Noreg må du vere registrert hjå Norges sjømatråd. Når du er registrert som eksportør av fisk, får du eit registreringsnummer som du skal bruke når du deklarerer fisken til Tolletaten. Som registrert eksportør av fisk skal du betale ei årsavgift på 15 000 kroner til Norges sjømatråd. Uregistrerte eksportørar som ynskjer å eksportere fisk og fiskevarer, må vende seg til Norges sjømatråd.

Om fiskeeksportavgifta (FF)

Fiskeeksportavgifta består av ei marknadsavgift med varierande satsar og ei forskingsavgift på 0,3 % av FOB-verdien. Frå fyrste januar 2020 vart det nye satsar for marknadsavgifta for pelagisk fisk. Mjøl og pelletar av fisk vert fritatt for marknadsavgift, men ikkje for forskingsavgift.

Gjeldande satsar på fiskeeksportavgifta:

AvgiftstypeAvgiftsgruppeVareslagSats i % av fob-verdi
FF 100 Fisk, krepsdyr og blautdyr i tolltariffens posisjonar 03.01 til 03.08 og posisjon 16.05, med unntak av produkt omfatta av FF 101, 102, 104 og 105. 1,05 %
FF 101 Sild, makrell, lodde, kolmule, vassild, taggmakrell (hestemakrell), augepål og brisling som høyrer under tolltariffens posisjonar 03.01 til og med 03.05. 0,80 % 
FF 102 Tillaga eller konservert fisk mv., under tolltariffens posisjon 16.04. 0,30 %
FF 104 Industrifisk og biprodukt av fisk, fiskeolje, ekstrakt og safter av fisk mv. og fiskemjøl, jf. tolltariffens underposisjon 05.11.91, posisjon 15.04, varenummer 15.16.1012, 15.16.1020, 16.03.0020, 23.01.2010 og 23.01.2090, samt mjøl og pelletar frå fisk, skaldyr og blautdyr som høyrer under tolltariffens posisjonar 03.05 til og med 03.08. 0,30 %
FF 105 Laks og aure (ørret) i tolltariffens posisjonar 03.01 til og med 03.05.  0,60 %


Sjå endringsforskrifta her

Eksportavgift ved ordinær utførsel

Ved eksport av fisk og fiskevarer frå tollområdet, skal eksportøren skrive eksportavgifta på utførselsdeklarasjonen med kode FF, avgiftsgrunnlag, sats og beløp. Grensa for tollområdet er den same som grensa for norsk sjøterritorium, dvs. 12 nautiske mil frå grunnlinja.
Du kan bruke tollkreditt for å betale eksportavgifta.

Eksportavgift ved direkte levering frå fangstfelt utanfor tollområdet

Ved direkte leveransar frå norske fiskefartøy til utlandet eller til utanlandsk fartøy frå fangstfelt utanfor tollområdet skal dei som er eksportørar etter fiskeeksportlova deklarere direkte leveransar gjennom Tolletatens ekspedisjonssystem TVINN. I praksis vil ofte eit salslag vere eksportør ved denne typen eksport og er dermed ansvarleg for deklareringa.

Deklarering og innbetaling av FF-avgift for direkte leveransar vil da skje på same viset som for ordinær utførsel av varer frå tollområdet. Da dei direkte leveransane ikkje reknast som ordinær utførsel etter tollova, skal du for desse leveransane oppgjeve prosedyrekode 85 i deklarasjonens rubrikk 37.

Det er tidspunktet for leveringa av varene som bestemmer når du får plikt til å deklarere avgifta. Du kan likevel søkje Vareførselsdivisjonen i Tolletaten om månadleg deklarering. Eksportørar som har fått tillating til månadleg deklarering, må sende inn deklareringa seinast den 5. i månaden etter leveringa. Dersom den 5. fell på ein laurdag, søndag, høgtidsdag eller offentleg høgtidsdag vert rapporteringsfristen sett til den førstkomande arbeidsdagen deretter.

Det er skattekontoret som handsamar tollkredittsakar.

Du er velkomen til å ta kontakt med Vareførselsdivisjonen dersom du har spørsmål. Kontakt oss

Unntak frå avgiftsplikta

Desse varene er unnatekne frå FF-avgift

  • varer der eksportavgifta for ei sending er mindre enn 100 kroner
  • fisk og fiskevarer til Verdas Matvareprogram
  • fisk og fiskevarer kanaliserte via hjelpeorganisasjonar
  • varer som Mattilsynet ikkje godkjenner for import og som derfor vert sende ut av Noreg
  • utanlandskfanga fisk og utanlandske fiskevarer som etter gjeldande regelverk ikkje har vore fortolla inn i Noreg og som vert transportert direkte til utlandet eller frå tollager til utlandet
  • utanlandsfanga fisk og utanlandske fiskevarer som vert returnerte som følgje av reklamasjon

Dersom du ber om unntak frå avgiftsplikta, skal du fylle ut "GEN" i rubrikk 44 på utførselsdeklarasjonen. Du må også skrive inn unntakskoden for avgiftsgruppa utførselen gjeld.

Unntakskodane er

  • S10/6761A – for alle unntak der varen høyrer til avgiftsgruppe FF 100
  • S10/6761D – for alle unntak der varen høyrer til avgiftsgruppe FF 101
  • S10/6761B – for alle unntak der varen høyrer til avgiftsgruppe FF 102
  • S10/6761C – for alle unntak der varen høyrer til avgiftsgruppe FF 104
  • S10/6761E  -  for alle unntak der varen høyrer til avgiftsgruppe FF 105

Refusjon av eksportavgift

Tolletaten kan etter søknad refundere feil fastsett avgift.

Statistikk over utanrikshandelen

Opplysningane som vert deklarerte, vert nytta i statistikk over utanrikshandelen. Både eksport av fisk mv. som er fanga innanfor tollområdet og av norske fiskefartøy utanfor tollområdet skal inngå i statistikken.

Utførselskvote av fisk og fiskevarer frå turistfiske

Dersom du har fiska i regi av ei registrert turistfiskebedrift er det tillate å føre ut av landet inntil 18 kg fisk eller fiskevarer per person, medrekna tilverka produkt, t.d. fiskefilet, inntil to gangar per kalenderår.

 

 

Fant du det du lette etter?