Gå til innhold

Utrekning av toleranse

Når du skal rekne ut kor mykje tredjelandsmaterialar som du kan bruke, må du kjenne prisen/verdien på desse materialane. Du må også vite prisen på ferdigvara (pris fritt fabrikk).

For å berekne delen (vekt/volum) av tredjelandsmaterialane må du vite prisen/verdien på desse.

Dette kan du gjere på fleire måtar:

  1. Du kjenner prisen per eining (til dømes tollverdien) og kan knyte denne direkte opp mot "pris fritt fabrikk" for eksportvara - éin til éin prinsippet.
  2. Det finst ein kontraktfest pris som gjeld for ein viss periode, til dømes minstepris pluss ein prosentdel. Dersom du har fleire leveransar med ulike kontraktfeste prisar som inngår i produksjonen av eksportproduktet, kan du bruke eit vege gjennomsnitt av desse prisane.
  3. Dersom råvareprisane varierer frå dag til dag, kan du berekne ein gjennomsnittspris over ein viss periode. Berekningsperioden bør ikkje overstige ein månad.

Punkt 1 gjev den beste berekningsmåten, og du bør bruke denne når det er praktisk mogleg.

Kan du ikkje bruke éin til éin-prinsippet, må du vurdere andre berekningsmetodar. Dei berekningsmetodane vi har nemnt her, er reelt sett dei beste.

Du kan i samråd med Tolletaten bruke andre berekningsmåtar dersom du ikkje kan bruke dei som er nemnde ovanfor.