Gå til innhold

Byggjevarer

Det er ikkje tollavgift på byggjevarer, men det er meirverdiavgift. Du må deklarere varene for prosedyren overgang til fri disponering på grensa dersom du handlar over verdigrensa.

Dersom du handlar varer for ein samla verdi under verdigrensa, treng du ikkje å betale meirverdiavgift eller andre avgifter. Verdigrensa er på 3 000 eller 6 000 kroner avhengig av kor lenge du har vore ute av Noreg og gjeld når du sjølv reiser med varene.

Dersom du har handla over verdigrensa skal du betale 25 prosent meirverdiavgift av kjøpesummen.

Verdigrensa

Meir enn eitt døgn

Dersom du har vore utanfor Noreg i meir enn 24 timar, kan du ta med deg varer for inntil 
6 000 norske kronerutan å betale tollavgift og andre avgifter. Denne verdigrensa er den totale summen på varene du har handla, bortsett frå kvotevarene. 

Mindre enn eitt døgn

Er utanlandsopphaldetkortare, kan du éin gong i løpet av 24 timar ta med deg varer for 
3 000 norske kronertollavgift- og avgiftsfritt. Denne verdigrensa er den totale summen på varene du har handla, bortsett frå kvotevarene.  

Les meir om verdigrensa