Gå til innhold

Utførsel av brukte motorkøyretøy - opphavsbevis

Kontrollar har vist at eksportørar av brukte motorkøyretøy ofte ikkje kan dokumentere opphavet. Tolletaten vil difor styrkje kontrollen ved attestasjon av EUR.1.

 

Kontrollen av opphavsbevis skrive ut i Noreg har vist at det i mange tilfelle ikkje har vore mogleg for eksportøren å dokumentere opphavet. Det dreier seg i hovudsak om brukte lastebilar.

Lastebilar og andre motorkøyretøy er tollfrie ved import til Noreg. Det er sannsynleg at eksportøren i EU har valt å søkje om refusjon av toll som vart betalt for innsatsvarene som vart brukte ved produksjonen (drawback).

Når det er gitt drawback, reknar ein ikkje lenger vara som eit opphavsprodukt. Den utanlandske eksportøren kan difor ikkje skrive ut eit opphavsbevis i tillegg. I slike tilfelle kan det difor heller ikkje skrivast ut opphavsbevis ved gjenutførsel frå Noreg.

 

Krav til dokumentasjon 

Eksportør den same som importør

Du må kunne leggje fram opphavsbevis (EUR.1.eller opphavserklæring) for importen til Noreg før Tolletaten kan attestere EUR.1.

 

Eksportør er ein annan enn importør

Du må leggje fram ei leverandørerklæring frå importøren.  

Tolletaten kan krevje å få gjort nødvendige undersøkingar rundt opphavsstatusen til vara før etaten attesterer EUR.1. Du har ikkje krav på å få EUR.1. attestert på utførselstidspunktet dersom Tolletaten ønskjer å gjere slike undersøkingar.   

Leverandørerklæring

For køyretøy som er importerte for meir enn 10 år sidan, kan Tolletaten godta ei leverandørerklæring frå importøren, eller annan tilfredsstillande dokumentasjon, jf EØS-avtalens forklarande merknader art. 15 til protokoll 4. 

Historiske endringskommentarar

14.11.2016: lagt til avsnitt om leverandørerklæring