Gå til innhold

Bil eller båt til reparasjon eller service i utlandet

Dersom du skal reparere båten din, bilen din eller eit anna køyretøy i utlandet, skal du betale meirverdiavgift av tenesta når båten eller køyretøyet blir tatt tilbake til Noreg.

Dersom du sjølv reiser med bilen eller båten din gjeld verdigrensa for reisande. Verdigrensa  er på 3 000 eller 6 000 kroner avhengig av kor lenge du har vore ute av landet. Dersom verdien på reparasjonen/servicen er over verdigrensa, må du betale meirverdiavgift (mva) på 25 prosent av heile kostnaden for reparasjonen og ev. fraktkostnadar.

Meir om mellombels ut- og innførsel i samband med reparasjonen

Det er ikkje noko krav frå Tolletaten i Noreg at du registrerer ein mellombels utførsel på bilen eller båten din når du køyrer den ut av landet sjølv eller fraktar ein norskregistrert bil eller båt på hengar (skilta sit på bilen). Du bør likevel undersøkje med tollmyndigheitene i det landet der du skal utføre reparasjonen/servicen om du treng ein mellombels utførselsdeklarasjon frå Noreg. Då må du møte ved eit lokalt tollkontor som vil skrive ut denne til deg utan kostnad. Fraktar du ein uregistrert (tidligare norsk registrert) bil på hengar, må du få laga ein utførselsdeklarasjon.

Du må også undersøkje med tollmyndigheitene i landet der du skal utføre reparasjonen/servicen om kva for prosedyrar du skal følgje når du passerer den norske grensa. Det kan til dømes vere slik at du ved innførsel må stille depositum for meirverdiavgift med grunnlag i verdien på bilen eller båten.

Når du skal gjeninnføre bilen eller båten, må du igjen undersøkje med tollmyndigheitene i landet der bilen eller båten er reparert/hatt service om kva for prosedyrar du må følgje ved gjenutførselen der.

Ved gjeninnførselen til Noreg, slepp du å betale mva. dersom reparasjons- og servicekostnadane og verdien av ev. andre varer du har handla ikkje overstig verdigrensa du har som reisande.

Overstig reparasjons- og servicekostnadane verdigrensa, pliktar du å stoppe på raud sone for tollbehandling. Du må betale 25 % meirverdiavgift. av heile beløpet, inkludert ev. fraktkostnadar med meir.

Dersom du nyttar ein profesjonell transportør til å frakte bilen eller båten din, skal denne kjenne tollprosedyrane.

Mogeleg refusjon/tilbakebetaling av utanlandske avgifter (som til dømes meirverdiavgift), må du ta direkte med verkstaden. Dette er ikkje noko Tolletaten kan hjelpe deg med.