Gå til innhold

Avfall

Du kan ikkje eksportere avfall utan at visse krav er oppfylte.

For å sikre at sendingar med avfall blir handterte forsvarleg, og dermed forhindrar negative helse- og miljøkonsekvensar, er det utvikla eit internasjonalt regelverk. I Noreg er dette regelverket teke inn i avfallsforskrifta kapittel 13.

I Noreg er det Miljødirektoratet som har ansvar for oppfølging og kontroll av eksport av avfall, i samarbeid med blant anna Tolletaten.

Avfallstransportar som blir sende frå eit land til eit anna, skal alltid vere følgde av dokumentasjon i samsvar med nasjonal lovgjeving.

Avfall eller produkt?

Det kan vere vanskeleg å avgjere når ei vare er eit produkt og når ho er avfall. Det er ikkje mogleg å gje eintydige kriterium som grunnlag for vurderinga, men Miljødirektoratet kan bidra med generell rettleiing. Ved kontroll og tilsyn må du sjølv kunne dokumentere klassifiseringa.

Hovudregelen er at dersom du har ein gjenstand som er uverksam eller ubrukeleg og har planlagt å kaste gjenstanden, er han avfall.

Er du i tvil, kan du kontakte Miljødirektoratet for nærare rettleiing.