Gå til innhold

Personvern i fortollingsløysninga TVINN-internett

Føremålet med skjemaet er å hente informasjon for å kunne gjennomføre ei fortolling på vegne av innsendaren. Det er frivillig å nytte tenesta.

Lagring og sletting av opplysningar

Behandlingsansvarleg for skjemaet er vareførselsseksjonen i Tolldirektoratet.

Formidling av opplysningar til tredjepart

Slik reglane er i dag leverer vi frå oss opplysningane i dette skjemaet til Riksarkivet som lagrar dei for ettertida. 

Innsyn og retting av opplysningar

Du vil sjå opplysningane som du har sendt inn når du får kopien av tolldeklarasjonen. Du får kopien etter at systemet har handsama tolldeklarasjonen. Tidlegare deklarasjonar kan du også sjå i løysinga. Dersom du oppdagar feil eller vil rette opplysningar, må du ta kontakt med Tollregion Oslo og Akershus på post@toll.no.  

Namn og adresse med meir som er nytta ved fortollinga vert overført frå folkeregisteret og er underlagt dei reglane som gjeld for folkeregisteret. Du må ta kontakt med Skatteetaten for å rette opplysningar i folkeregisteret. www.skatteetaten.no/Person/Folkeregister/

Innsending og lagring av opplysningar

Tolletaten lagrar opplysningane i sitt system etter 10 år. Etter 10 år slettar vi opplysningane. Alle opplysningar du gjev vert sendt kryptert (https). Opplysningane lagrar vi på ein sikker måte i Tolletatens system. 

Del med andre: