Gå til innhold

Personvern i melding om brot på immaterielle rettar

Føremålet med skjemaet er at brukarar kan tipse Tolletaten om brot på eigne immaterielle rettar ved import eller eksport. Det er frivillig å nytte tenesta.

Behandlingsansvarleg for skjemaet er vareførselsseksjonen i Tolldirektoratet.

Capevo A/S driv løysinga.

Innsyn og retting av opplysningar

Du kan be om innsyn i opplysningane du har sendt inn ved å ta kontakt med Tolldirektoratet. Dersom du oppdagar feil, og vil rette eller slette opplysningar, må du ta kontakt med Tolldirektoratet på post@toll.no 

Innsending og lagring av opplysningar

Vi lagrar opplysningane i eitt år dersom du ikkje ber om å fornye meldinga. Utgåtte opplysningar slettar vi fortløpande. Alle opplysningar du gir vert sendt kryptert (https). Opplysningane vert lagra på en sikker måte hos Capevo A/S og i Tolletatens eigne system.  

Del med andre: